
Ullensvang herad, Hordaland
Ullensvang herad, 1399 km2, ligg i Hordaland, har om lag 3400 innbyggjarar og grensar i sør til Odda, i vest til Jondal og Kvam, i nord til Granvin og Ulvik og i aust til Eidfjord og til Vinje i Telemark.
Fram til 1870 heitte kommunen Kinservik. I 1913 vart Odda og Kinsarvik skilde ut som eigne kommunar, men det aller meste av Kinsarvik vart igjen ein del av Ullensvang herad i 1964. Det året vart òg Eidfjord slått saman med Ullensvang, men i 1977 vart Eidfjord igjen eigen kommune. I 1965 vart òg eit mindre område overført frå Kvam. Ullensvang er ein av fire kommunar som bruker ordet herad, også dei tre andre ligg i Hardanger.
Kommunen ligg på begge sider av Sørfjorden, ein sidearm til Hardangerfjorden, og inkluderer òg store delar av Hardangervidda. Frå fjorden stig terrenget bratt opp til vidda, og 84 % av kommunen ligg over 900 moh. Dei to store elvene Opo og Kinso er begge verna, og det meste av høgfjellsområdet i kommunen er ein del av Hardangervidda nasjonalpark. Kommunen har to mindre tettstader, administrasjonssenteret Kinsarvik, og Lofthus. Det høgaste punktet i kommunen er Hårteigen, 1690 moh.
Utne i 1922. Foto: Anders Beer Wilse. Kjelde: Nasjonalbiblioteket. Ingen opphavsrett.
Klimaet langs Sørfjorden er godt eigna for fruktdyrking, og det vert dyrka eple, pærer, plommer og morellar. Det er fleire fruktlager i kommunen, og over halve jordbruksarealet er brukt til fruktdyrking. Kommunen har relativt lite industri, med Hardanger Bestikk, den største bestikkprodusenten i Norden, som den største verksemda.
På vestsida av Sørfjorden ligg Agatunet, eit freda klyngjetun der dei eldste bygningane er frå 1300-talet. Hardanger og Voss museum har hovudkontor på Utne. Ved Opedal på Lofthus låg det tidlegare eit kloster, og i lia over Opedal ligg Munkatreppene, truleg laga av cisterciensarmunkar på 1200-talet.
Hardanger Folkeblad er lokalavis for Ullensvang, Odda, Eidfjord og Røldal og vart grunnlagd i 1949. Avisa vert redigert frå Odda, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
I Ullensvang tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1905. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1912, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Sist oppdatert: 18.12.2017