Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Ullensvang kommune. Kjelde: foto.digitalarkivet.no.
Kommunevåpenet til Ullensvang kommune. Kjelde: foto.digitalarkivet.no.
X
Innhald

Ullensvang kommune, Vestland

Fjellformasjonen Trolltunga i Ullensvang er eit av dei mest populære turmåla i Noreg og trekkjer turistar frå heile verda.

Ullensvang kommune, 3236 km2, ligg i Vestland fylke, har om lag 11 050 innbyggjarar og grensar i vest til Etne og Kvinnherad, i nord til Kvam, Voss og Ulvik, i aust til Eidfjord og Vinje i Vestfold og Telemark fylke og i sør til Suldal og Sauda i Rogaland. Kommunen vart danna i 2020 ved samanslåing av kommunane Odda, Jondal og Ullensvang.

Kommunen ligg på begge sider av Sørfjorden, ein sidearm av Hardangerfjorden. Landskapet stig bratt opp frå fjorden, og i fjella finn vi to nasjonalparkar: Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust. Det høgaste punkt er Sandfloegga på Hardangervidda, 1721 moh. Inst i Sørfjorden ligg byen og administrasjonssenteret Odda. Andre og mindre tettstader er Jondal, Kinsarvik, Lofthus, Tyssedal, Røldal og Skare.

Næringslivet i Odda og Tyssedal har i lang tid vore prega av vasskraft og kraftkrevjande industri. Hardanger Bestikk, den største bestikkprodusenten i Norden, ligg i Kinsarvik. Klimaet langs Sørfjorden er godt eigna for fruktdyrking og har gjort Ullensvang til den største fruktkommunen i landet. Jordbruk med husdyrhald er òg vanleg i delar av kommunen. Naturbasert reiseliv og turisme er ei anna viktig næring.

Ved Herand nordvest i kommunen finst bustader og helleristingar frå forntida. Røldal stavkyrkje, med eit krusifiks frå 1200-talet, var tidlegare eit pilegrimsmål. Agatunet på vestsida av Sørfjorden er eit freda klyngjetun, med bygningar frå 1300-talet. I ferjebygda Utne ligg Hardanger folkemuseum og eit hotell med samanhengande drift sidan 1722. Ei hytte som høyrde til komponisten Edvard Grieg, står i dag på tunet til Hotell Ullensvang på Lofthus.

Krusifikset frå 1200-talet i Røldal stavkyrkje. Foto (juli 2020): Leif Harboe, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Krusifikset frå 1200-talet i Røldal stavkyrkje. Foto (juli 2020): Leif Harboe, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

I Tyssedal ligg Kraftmuseet, som dokumenterer og formidlar industrihistoria i kommunen. På den gamle tomta til Odda smelteverk finst i dag mellom anna Sentralbadet litteraturhus. Det årlege Litteratursymposiet i Odda vart arrangert første gongen i 2005. I Skjeggedal, aust for Tyssedal, ligg den særmerkte fjellformasjonen Trolltunga.

Lokalavisa Hordaland Folkeblad har hovudkontor i Odda. Avisa vart grunnlagd i 1949. Hardanger Folkeblad er lokalavis for Kvam og Jondal. Denne avisa kom med det første nummeret i 1873 og er den eldste lokalavisa i landet. Begge avisene vert redigerte på nynorsk.

Skular i Ullensvang tok i bruk nynorsk frå 1905, og nynorsk liturgi vart røysta inn i 1912. I Odda har foreldre sidan 1913 fritt kunna velje opplæringsspråk for elevane, og skulane her har brukt både nynorsk og bokmål. Jondal og Ullensvang herad fekk nynorsk tenestespråk i 1921, medan Odda var språkleg nøytral. Ullensvang kommune har vedteke nynorsk som tenestespråk. Skuleåret 2019/20 har 81 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som opplæringsspråk.

Roald Aga Haug (Ap) har vore ordførar sidan 2019. Han var tidlegare ordførar i Odda.

Kjelder

Eirik Helleve: «Odda kommune, Hordaland» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/n20oreg/kommunar/odda-kommune-hordaland/23/1482/ [lesedato 14.6.2020]

Eirik Helleve: «Jondal kommune, Hordaland» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/odda-kommune-hordaland/23/1482/ [lesedato 14.6.2020]

Eirik Helleve: «Ullensvang herad, Hordaland» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/ullensvang-herad-hordaland/23/908/ [lesedato 14.6.2020]

Kartverket: «Fakta om Noreg», kartverket.no: https://www.kartverket.no/kunnskap/Fakta-om-Norge/ [lesedato 14.06.2020]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/ [lesedato 14.06.2020]

Visit Hardangerfjord, hardangerfjord.com: https://www.hardangerfjord.com/ [lesedato 14.6.2020]

Peikarar

Ullensvang kommune, ullensvang.kommune.no

Trolltunga, trolltunga.com

NRK Vestland: «Smelteverkstomta i Odda», guida tur med Terje Kollbotn, video publisert 27.3.2020, nrk.no

Kraftmuseet – Norsk vasskraft- og industristadmuseum, kraftmuseet.no

Litteratursymposiet i Odda, litteratursymposiet.no

Først publisert: 23.11.2020
Sist oppdatert: 23.11.2020