Hopp til innhold
Ulstein Verft. Foto: Jon Olav Eikenes, flickr.com CC BY 2.0
Ulstein Verft. Foto: Jon Olav Eikenes, flickr.com CC BY 2.0
X
Innhald

Ulstein kommune, Møre og Romsdal

I Ulstein ligg tre store skipsverft, Kleven Verft, Rolls Royce og Ulstein Verft. I 2012 vann fotballaget Hødd noregsmeisterskapen i fotball.

Ulstein kommune, 97 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 6950 innbyggjarar og grensar i nord til Giske, i aust til Hareid, Ørsta og Volda, og i sør og vest til Herøy.

I høvesvis 1895 og 1917 vart Vartdalsstrand, som seinare fekk namnet Vartdal, og Hareid skilde ut som eigne kommunar. I 1964 vart ein liten del av Herøy slått saman med Ulstein.

Ulstein er ein øykommune som ligg på den vestlege halvdelen av Hareidlandet og i tillegg inkluderer Dimnøya, Eika, og nokre mindre øyar. Landskapet er prega av avrunda åsar, med mykje myrland. Så godt som all busetnad i kommunen ligg langs strendene, og dei fleste er busette i administrasjonssenteret Ulsteinvik, som har hatt bystatus sidan 2000. Det høgaste punktet i kommunen er Blåtind, 697 moh. Det er ferjesamband nordover mot Ålesund frå Hareid nord på Hareidlandet, medan Eiksundsambandet, som opna i 2008, gir kommunen ferjefritt samband austover mot Ørsta og Volda.

Den dominerande næringa i kommunen er industri. I tillegg til dei tre store skipsverfta er her ein del verkstadindustri. Fisket var viktigare før, og kommunen har heller lite jordbruk.
Skipsbygging står sentralt i Ulstein. Her frå Ulstein Verft. Foto: Jon Olav Eikenes, flickr.com CC BY 2.0

Skipsbygging står sentralt i Ulstein. Her frå Ulstein Verft. Foto: Jon Olav Eikenes, flickr.com CC BY 2.0

Ved Osnes ligg Oshaugen, ein av dei største gravhaugane på Vestlandet. Ulstein kyrkje er åttekanta, med rosemåla interiør.

Vikebladet Vestposten dekkjer kommunane Ulstein og Hareid. Avisa kom med det første nummeret i 1989, etter at dei to avisene Vikebladet og Vestbladet vart slått saman. Avisa kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

Idrottslaget Hødd vart stifta 1. august 1919. Hødd Fotball spelar i 2017 i 2. divisjon. Klubben har vore fleire sesongar i Adeccoligaen og seks sesongar i Tippeligaen. I 2012 vann Hødd cupfinalen med 5–3 over Tromsø, etter ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.

I Ulstein tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. 100 % av elevane vi Ulstein har nynorsk som hovudmål.

Knut Erik Engh (Frp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006

Nettstaden til Ulstein kommune, http://www.ulstein.kommune.no/

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, http://www.ssb.no/kommuner/

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Møre og Romsdal fylke, http://www.wwv.no/

Peikarar

Nettstaden til Hødd Fotball

Først publisert: 24.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017