Hopp til innhold

Ulvik herad, Hordaland

I fruktbygda Ulvik ligg Hjeltnes gartnarskule, på garden der Kristofer Hjeltnes tok til med potetdyrking alt i 1759. I september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.

Ulvik herad, 721 km2, ligg i Hordaland, har om lag 1100 innbyggjarar og grensar i sør til Eidfjord og Ullensvang, i vest til Granvin og Voss, i nord til Aurland i Sogn og Fjordane og i aust til Hol i Buskerud.

I 1891 vart Granvin og Eidfjord skilde ut som eigne kommunar. Fire år seinare vart eit mindre område overført frå Eidfjord, og grensene har vore uendra etter det. Ulvik er ein av fire kommunar som bruker ordet herad, også dei tre andre ligg i Hardanger.

Ulvik er ein av dei inste kommunane i Hardanger og strekkjer seg frå fjorden opp på høgfjellet. Kommunen ligg på begge sider av Osafjorden og Ulvikpollen, og dei aller fleste i kommunen er busette i tettstadene som ligg inst i desse fjordarmane: Osa og administrasjonssenteret Ulvik.

Etter at Bergensbana opna i 1909, har det alltid vore fastbuande på Finse, sjølv om talet dei siste åra har vore lågt. Jernbanestasjonen på Finse er den høgastliggjande stasjonen i landet, 1222 moh. Det høgaste punktet i kommunen er på Hardangerjøkulen, 1863 moh.


Finse, sett frå fjelltopp. Finse har ikkje vegsamband. Til Finse kjem ein anten til fots eller med toget. Foto: Anders Lanzen, flickr.com CC BY SA 3.0
Finse, sett frå fjelltopp. Finse har ikkje vegsamband. Til Finse kjem ein anten til fots eller med toget. Foto: Anders Lanzen, flickr.com CC BY SA 3.0

Jordbruk er den viktigaste næringsvegen i kommunen. Klimaet er godt eigna for fruktdyrking, og Ulvik er den nest største fruktkommunen i fylket, berre Ullensvang er større. I Osa held Osa Mineralvatn til, men elles er her lite industri. Turistnæringa er viktig, og det finst store overnattingsstader både i Ulvik og på Finse.

I Osa ligg Hjadlane Galleri, som kvart år stiller ut verk av samtidskunstnarar. Ulvik kyrkje er dekorert innvendig av målaren Lars Osa. I Ulvik sentrum står eit minnesmerke over diktaren Olav H. Hauge, som budde det meste av livet sitt i Ulvik, og som henta motiv til mange av dikta sine her.


Olav H. Hauge i Ulvik sentrum ved kyrkjegarden på Brakanes 1941. Foto: Oddvin Reisæter /Ulvik herad. Kjelde: Haugesenteret
Olav H. Hauge i Ulvik sentrum ved kyrkjegarden på Brakanes 1941. Foto: Oddvin Reisæter /Ulvik herad. Kjelde: Hauge-senteret

4. september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Heradshuset i Ulvik. Hauge-senteret har ei basisutstilling om diktaren og mennesket Olav H. Hauge, saman med ei utstilling om lyrikk i mange former. Senteret har fire tilsette og er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Ulvik poesifestival vart første gong arrangert i 2000, og festivalen vert arrangert annakvart år. Frå 2014 er det Olav H. Hauge-senteret og Nynorsk kultursentrum som driftar festivalen.

Avisa Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal og kom med første nummeret i 1883. Avisa har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Ulvik tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1906. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) har vore ordførar sidan 2011.

Peikarar
Nettstaden til Olav H. Hauge-senteret http://www.haugesenteret.no/ohh/no/

Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. Hovdebygda 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Ulvik herad,
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 31.05.2011]
Nettstaden til Ulvik herad, http://www.ulvik.kommune.no [lesedato 31.05.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Hordaland fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=12&sok= [lesedato 31.05.2011]


Sist oppdatert: 05.09.2018