Hopp til innhold
Vågå kommunevåpen viser ein reinsbukk i gull mot raud bakgrunn,  som er henta frå "bukkerittet" i "Peer Gynt".
Vågå kommunevåpen viser ein reinsbukk i gull mot raud bakgrunn, som er henta frå "bukkerittet" i "Peer Gynt".
X
Innhald

Vågå kommune, Oppland

Kvart år går meir enn 60 000 fotturistar over Besseggen, som ligg i Vågå kommune.

Vågå kommune, 1330 km2, ligg i Oppland, har om lag 3700 innbyggjarar og grensar i aust til Sel og Nord-Fron, i sør til Øystre Slidre og Vang, i vest til Lom og i nord til Lesja og Dovre.

I 1908 vart Heidal og Sel skilde ut som eigne kommunar. I 1965 vart eit mindre område overført til Sel.

Vågå omfattar delar av Ottadalen og Sjodalen og fjellområda på begge sider av desse dalføra. Så godt som all busetnad er i Ottadalen, i dei to tettstadene Lalm og administrasjonssenteret Vågå, ved nordbreidda av Vågåvatnet, som er ein del av Ottavassdraget. Rundt tre fjerdedelar av kommunen ligg høgare enn 900 moh. Vest for Sjodalen ligg Jotunheimen, og i kommunen ligg rundt 55 toppar over 2000 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Surtningssui, 2368 moh.

Jordsmonnet er godt, og jordbruk er ei av dei viktigaste næringane i kommunen. Området har lite nedbør, og det er difor naudsynt med kunstig vatning. Fleire stader driv ein framleis med aktiv setring. Dei vanlegaste industrigreinene er treindustri, med sagbruk og høvleri. Her er òg klebersteinsbrot. Reiseliv er ei anna viktig næring, og det finst fleire reiselivsverksemder i og ved Jotunheimen, mellom anna Vianvang, eigd av kokken Arne Brimi.

Vågåkyrkja er ei stavkyrkje frå 1100-talet, men vart ombygd i 1620-åra. Jutulheimen Bygdemuseum har ti hus frå 1700- og 1800-talet og er ein del av Museet i Nord-Gudbrandsdalen. Frå Gjendesheim ved Valdresflya går det båt innover i Jotunheimen, og turisthytta er eit vanleg utgangspunkt for turen over Besseggen.

galleri

Fjuken, lokalavis for heile Ottadalen, kom med første nummer i 1994. Avisa vert redigert frå Skjåk, kjem med eitt nummer kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Vågå tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1919. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1941, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.


Iselin Jonassen (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017