Hopp til innhold
Vågsøy kommunevåpen viser to ror i sølv mot blå bakgrunn.
Vågsøy kommunevåpen viser to ror i sølv mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane

Ingen kommunar i Sogn og Fjordane dreg i land større mengder fisk enn Vågsøy.

Vågsøy kommune, 176 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 6000 innbyggjarar og grensar i nord til Selje, i aust til Eid og i sør til Bremanger.

I 1964 vart dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy slått saman med delar av Selje og delar av Davik til ein ny kommune som fekk namnet Vågsøy.

Vågsøy ligg ved utløpet av Nordfjorden, på nordsida av fjorden. Det meste av kommunen er fastland, men der er òg fleire øyar i kommunen. Administrasjonssenteret Måløy ligg på Vågsøy, den største øya i kommunen, som vart landfast då Måløybrua opna i 1974. Rundt halvparten av innbyggjarane bur i Måløy, som har hatt bystatus sidan 1997. Busetnaden elles er relativt spreidd, og der er fire mindre tettstader i kommunen: Raudeberg, Bryggja, Holevik og Vågsvåg. Det høgaste punktet i kommunen ligg på fastlandet, St. Synnevahornet, 689 moh.

galleri

Ingen kommunar i fylket dreg i land større mengder fisk enn Vågsøy. Det meste av industrien kan knytast til fisket eller til maritim industri, dette gjeld både næringsmiddel- og verkstadindustrien. Det er framleis litt jordbruk i kommunen, og det vert oftast drive i kombinasjon med anna arbeid.

Ved Oppedal ligg den særmerkte Kannesteinen, som bølgjene har skura på og gitt ei form som minner om ein sopp. Heilt vest på Vågsøy ligg Kråkenes fyr, der det no er vertshus. Martin Linge, som under den andre verdskrigen leidde Linge-kompaniet, miste livet under Måløy-raidet i 1941, og det er reist eit monument til minne om dette. Refviksanden, nord på Vågsøy, er ei av dei finaste sandstrendene i landet.

Fjordenes Tidende er lokalavis for Bremanger, Eid, Selje og Vågsøy og kom med det første nummeret i 1909. Avisa har hovudkontor i Måløy, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på bokmål.

I Måløy tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1913 (Nord-Vågsøy). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1952 (Nord-Vågsøy), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Sør-Vågsøy). Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 80 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Dette er den største delen nynorsk-elevar i denne kommunen nokonsinne. 

Kristin Maurstad (Arbeidarpartiet) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 02.05.2019