Faktaboks

Administrasjonssenter
Dale
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
3 867 (2022)
Landareal
682 km²
Høgaste fjell
Skjerjavasshovden (1264 moh.)
Innbyggjarnamn
vaksdøl, vaksdaling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4628 (frå 01.01.2020, tidlegare 1251)

Kommunevåpen

Kart: Vaksdal kommune i Vestland
Vaksdal kommune i Vestland fylke.
Kart: Vaksdal kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vaksdal

Vaksdal. Tettstaden Vaksdal med utsikt mot Veafjorden og Osterøy i bakgrunnen. Ute på odden, til venstre i biletet, ser ein anlegget til Norgesmøllene. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vaksdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen strekk seg nordover langs Veafjorden på austsida av Osterøya og Eidsfjorden, frå grensa til Bergen ved Trengereid i sørvest, og heilt til grensa mot Vik kommune øvst i Eksingedalen i nordaust. Vaksdal omfattar òg nordaustre del av Osterøya, og Bergsdalen opp til Hamlagrøosen på grensa mot Voss og Kvam.

Vaksdal vart oppretta i 1964 ved samanslåinga av den tidlegare kommunen Bruvik (gjort unntak for Bruvikbygda lengst søraust på Osterøya), Eksingedalen sokn av Modalen kommune, samt Eksingedalen (øvre delen) og Bergsdalen i tidlegare Evanger kommune. Kommunen grensar til Bergen i sørvest, Osterøy i vest, Modalen i nordvest, Vik i nordaust, Voss i aust og søraust og Kvam og Samnanger i sør.

Natur

Berggrunnen i nordvest består hovudsakleg av gneis av grunnfjellsopphav, men med ein struktur som hovudsakleg stammar frå den kaledonske fjellkjedefoldningen. Øvst i Eksingedalen i nordaust og i søraust vart det i kaledonsk tid skuva harde bergartar av ulik samansetning over grunnfjellet. I kantane langs desse skyvedekka finst det omdanna kambrosiluriske sediment som smale striper fleire stader. Høgaste punkt finn ein i områda med skyvedekke øvst i Eksingedalen, der Skjervasshovden når 1264 meter over havet. Fjelltraktene lengst nord inngår i Stølsheimen landskapsvernområde.

Lengst i sørvest, mellom Trengereid og Bogadalen, strekk Vaksdal seg så vidt inn i Bergensfeltet. Her består berggrunnen hovudsakleg av fyllitt/glimmerskifer og anortositt.

Busetnad

Kommunen fell geografisk sett i tre naturlege område, som er kystområda på begge sider av Veafjorden og Sørfjorden i vest, Eksingedalen i nordaust, samt Dale og Bergsdalen i søraust. Dalføret austover frå Bolstadfjorden ligg i Voss kommune.

Busetjinga er særleg konsentrert til tettstadene Vaksdal og Stanghelle ved Sørfjorden (høvesvis 964 og 765 innbyggjarar i 2021) og administrasjonssenteret Dale (1139 innbyggjarar i 2021). I alt budde 73 prosent av Vaksdal si befolkning i dei tre tettstadene i 2020. Elles ein del busetjing langs Veafjorden nord for Bolstadfjorden, i Eksingedalen og stadvis i Bergsdalen.

Frå 1960-åra fekk Vaksdal tilbakegang i folkemengda. Frå 1990-talet vart nedgangen mindre, og i tiårsperioden 2004–2014 var den redusert til gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg mot ein vekst på 1,3 prosent i det tidlegare fylket Hordaland.

Kart over Vaksdal kommune
Kart over Vaksdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Vaksdal er ein typisk industrikommune. I 2019 utgjorde industrien 20 prosent av dei lokale arbeidsplassane, eller 32 prosent viss ein reknar med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Dette gjer industrien, nest etter offentleg administrasjon og tenesteyting (39 prosent) til den viktigaste næringa til kommunen målt etter sysselsetjinga. Til samanlikning hadde primærnæringane 2 prosent av arbeidsplassane i 2019.

Tradisjonelt dominerer næringsmiddelindustri, med 35 prosent av dei sysselsette i industrien i 2019, og tekstilindustri, med 33 prosent av dei sysselsette i industrien. Innanfor begge desse bransjane har kommunen ei dominerande bedrift, høvesvis Norgesmøllene i Vaksdal tettstad og Dale AS i Dale tettstad. Begge er blant dei største i sitt slag i Noreg og hadde til saman 68 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen. Elles finst noko småindustri.

Vaksdal er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 18 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1333 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Dale II (i drift fra 1990), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Myster (1987) og Fosse (1954). Eviny Fornybar er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Av dei busette yrkestakarane i Vaksdal hadde 48 prosent arbeid utanfor kommunen i 2020, 29 prosent i Bergen, 6 prosent i Voss og 4 prosent i resten av nordhordlandskommunene.

Samferdsel

Veafjorden
Gjennom Vaksdal går Bergensbana i svært krevjande terreng, med fleire lange tunellar.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Gjennom Vaksdal går Bergensbanen med ei rekkje tunnelar, mellom anna Trollkona og Hananipa med lengd på høvesvis 8 og 6,1 kilometer. Alle dei tre tettstadene i kommunen har stasjonar med stopp på lokaltogsambandet Voss-Bergen, Dale òg for regionstoga mellom Oslo og Bergen.

Europaveg 16 går stort sett langs jernbanen frå Trengereid gjennom dei tre tettstadene og langs Bolstadfjorden til Voss. Frå E16 i Dale går fylkesveg 314 opp Bergsdalen til Hamlagrø og Bulken i Voss. Frå Dalseid like nord for Dale går fylkesveg 344 til Eksingedalen og Modalen. Ved Høvik i Eksingedalen fører fylkesvegen vidare opp Eksingedalen, og frå Nesheim går fylkesveg 313 over fjellet til Evanger i Voss.

Bergsdalen har fint turterreng med mange hyttegrender, mellom anna på Hamlagrø.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Dale har fylkeskommunal vidaregåande skule.

Vaksdal høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Vaksdal er del av Osterfjorden næringsregion saman med Modalen og Osterøy.

Vaksdal kommune svarer til dei seks soknene Bergsdalen, Dale, Eksingedalen, Nesheim, Stamnes og Vaksdal i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vaksdal til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vaksdal

For statistiske formål er Vaksdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 20 grunnkrinsar:

  • Vaksdal: Sandvik, Vaksdal, Tveitane, Jamne
  • Dale: Blomdal, Stanghelle vest, Stanghelle, Dale sørvest, Dale søraust, Dale sentrum, Dale nord, Bergsdalen, Bolstadfjorden
  • Stamnes: Straume, Stamneshella, Stamneshella nord, Nordgrend, Eidslandet, Nedre Eksingedalen, Øvre Eksingedalen

Historikk og kultur

I Skipshelleren budde det menneske for over 7000 år sidan, og der er gjort store mengder funn som viser korleis folk levde der. Skipshelleren er dermed ein av dei best kjende steinalderbustadene i landet. På Stamnes ligg eit skulemuseum. Dei nordlegaste delane av kommunen er ein del av Stølsheimen landskapsvernområde, og Eksingedalen er eit godt utgangspunkt for fotturar i Stølsheimen.

Den største avisa i kommunen er Hordaland, som dekkjer Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal og Modalen. Avisa har hovudkontor på Voss og er redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet, som vart godkjent i 1990, har tre opprette svarte skytlar mot ein gullfarga bakgrunn. Dette symboliserer dei lange tradisjonane til kommunen innan tekstilindustri.

Det norrøne namnet på Vaksdal var mest truleg Vágsdalr, der førsteleddet er genitiv eintal av våg, ‘bukt’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Skre, Brita & Ivar Skre, red.: Vaksdal bygdebok : gards- og ættesoge, 1965-87, 4 b.

Kommentarar (2)

skreiv Sigmund Simmenes

1. Dale har ingen vidaregåande skule. Fram til for ca. 10 år sidan hadde Dale filialklasse av Arna yrkesskule, Helse- og sosialfag, grunnkurs2. Den kverna som sto ved fossen ved dåverande Stormøllen er flytta til parken ved mølla. Stormøllen som firmanamn eksisterer ikkje lengre, dei to som har hand om mølleanlegget er no Norgesmøllene og Felleskjøpet.

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Takk for rettelser. Jeg er litt usikker på dette med Stormøllen. På Norgesmøllenes nettsider står det at Stormøllen AS eier Norgesmøllene .... Jeg skal prøve å finne ut av dette. I øyeblikket har vi ingen fagansvarlige for Vaksdal, så redaksjonen er takknemlig for innspill her.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg