Hopp til innhold

Vaksdal kommune, Hordaland

I Vaksdal kommune ligg Skipshelleren, ein av dei best kjende steinalderbustadene i landet.

Vaksdal kommune, 716 km2, ligg i Hordaland, har om lag 4100 innbyggjarar og grensar i aust til Voss, i sør til Kvam, Samnanger og Bergen, i vest til Osterøy og Lindås og i nord til Modalen og til Vik i Sogn og Fjordane.

Kommunen vart oppretta i 1964, då delar av Evanger, delar av Bruvik, og delar av Modalen vart slått saman til éin kommune.

Kommunen omfattar områda rundt Sørfjorden og Veafjorden, og Eksingedalen i nordaust og Dale og Bergsdalen i søraust. Det meste av busetnaden ligg i dei tre tettstadene Vaksdal, Stanghelle og administrasjonssenteret Dale. Mykje av kommunen er fjellområde, og det høgaste punktet i kommunen er Skjervasshovden, 1264 moh. Både Bergensbana og E16 går gjennom kommunen.

I kommunen finst to store industriverksemder – Norgesmøllene i Vaksdal og tekstilfabrikken Dale fabrikker på Dale. Desse to har nesten 90 % av industriarbeidsplassane i kommunen. Fleire av elvane i kommunen er utbygde, og der er i alt sju kraftverk, med ein samla produksjon på rundt 270 MW. Der er litt jordbruk, først og fremst i Eksingedalen og Bergsdalen. Ekso og Vosso er gode lakseelvar, og rekorden er ein laks på 36 kilo.

Vaksdal Eksingedalen feirar ny veg gjennom dalen i Flatekval 1898 Kjelde Fylkesarkivet i SF.jpg?w=600

Flatekval, 1898: Innbyggjarane feirar ny veg gjennom Eksingedalen. Ukjend fotograf. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ingen opphavsrett.

I Skipshelleren budde det menneske for over 7000 år sidan, og der er gjort store mengder funn som viser korleis folk levde der. På Stamnes ligg eit skulemuseum. Dei nordlegaste delane av kommunen er ein del av Stølsheimen landskapsvernområde, og Eksingedalen er eit godt utgangspunkt for fotturar i Stølsheimen.

Vaksdal Skipshelleren Foto Arild Finne Nybø CC BY NC ND 3.jpg?w=600

Skipshelleren. Foto: Arild Finne Nybø, CC BY NC ND 2.0


Den største avisa i kommunen er Hordaland, som dekkjer Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal og Modalen. Avisa har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger kvar veke, og er redigert på nynorsk.

I Vaksdal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1902 (Evanger). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918 (Eksingedalen), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1931 (Bruvik). Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Eirik Haga (Ap) har vore ordførar sidan 2007.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017