Hopp til innhold

Valle kommune, Aust-Agder

I Valle kommune ligg grenda Rygnestad, som i 2009 fekk status som eitt av tjue særskilt verneverdige og verdifulle kulturlandskap i Noreg.

Valle kommune, 1265 km2, ligg i Aust-Agder, har om lag 1300 innbyggjarar og grensar i nord til Bykle, i sør til Bygland, i vest til Sirdal i Vest-Agder og i aust til Tokke og Fyresdal i Telemark. I 1962 vart dei to kommunane Valle og Hylestad slått saman til ein, som altså fekk namnet Valle.

Det administrative senteret i kommunen er Valle, som saman med Rysstad er dei to bygdesentra i kommunen. Elva Otra renn gjennom Setesdal og deler kommunen i to, og det meste av busetjinga i kommunen ligg nede i dalen. På kvar side av dalen er det hei- og fjellområde. Det høgaste punktet i kommunen, Urdalsnuten (1434 moh.) ligg aust for dalen.

Jordbruk og skogbruk er framleis viktige næringar i Valle. Her finst òg litt industri, først og fremst trevare- og møbelverksemder, men òg to større entreprenørar. Frå tidleg på 1900-talet vart sølvsmedkunst meir og meir utbreidd. Tidleg i 1970-åra vart det sagt at kvar tredje husstand i Hylestad hadde eiga sølvsmie, og handverket er framleis vanleg i kommunen. Frå 1960-åra har kommunen hatt gode inntekter frå kraftproduksjon, og Brokke kraftverk, som er det største i fylket, produserer kvart år 330 MW. Det finst fleire mindre kraftverk i kommunen, og ei mengd elvar og vassdrag er regulerte.

galleri

Setesdalsmuseet har hovudkontor på Rysstad i Hylestad og har fleire utstillingar, mellom anna diktarstova til Hans Henrik Holm. Museet har fleire avdelingar i dalen, mellom anna Rygnestadtunet, med det vidgjetne Rygnestadloftet og det særeigne ”trihågloptet”. Rygnestad har status som eitt av 20 særskilt verneverdige og verdifulle kulturlandskap i Noreg. I kommunen er der fleire årlege kulturarrangement, til dømes Setesdalsmarknaden (Rysstad, juni), Valleutstillinga (juni til august) og Setesdalskappleiken (august).

Avisa Setesdølen vert redigert frå Bygland, men dekkjer heile Setesdal. Avisa kom med det første nummeret i 1975, kjem ut to gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Valle tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1900. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Hylestad). Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Steinar Kyrvestad (Ap) er ordførar i Valle.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017