Hopp til innhold

Vang kommune, Oppland

Nesten 90 % av Vang kommune ligg høgare enn 900 moh.

Vang kommune, 1505 km2, ligg i Oppland, har om lag 1600 innbyggjarar og grensar i nord til Lom og Vågå, i aust til Øystre Slidre og Vestre Slidre, i sør til Hemsedal i Buskerud og i vest til Lærdal, Årdal og Luster i Sogn og Fjordane.

I 1882 vart eit mindre område overført til Øystre Slidre, og kommunegrensene har ikkje endra seg etter det.

Vang er den øvste kommunen i Valdres og omfattar dalføra rundt den øvste delen av Begnavassdraget og fjellområda på begge sider. Det meste av kommunen er fjell. Dei nordlegaste områda i kommunen ligg i Jotunheimen nasjonalpark. Fleire av fjelltoppane i kommunen er over 2000 meter, og høgast når Vestre Kalvehøgde med 2208 moh. Busetnaden er spreidd og konsentrert rundt Begna og innsjøen Vangsmjøsa. Der er ingen tettstader i kommunen. Administrasjonssenteret, Vang, ligg ved Vangsmjøsa.

galleri

Den vanlegaste næringsgreina er jordbruk, der hovudvekta ligg på husdyrhald. Gardane er heller små, og den gjennomsnittlege storleiken er den minste i fylket. På Ryfoss er der sagbruk og betongvarefabrikk, men elles er det lite industri i kommunen. Turisme og reiseliv er ei veksande næringsgrein, med fleire hotell og skianlegg i områda som grensar mot Jotunheimen. Fleire av vassdraga i kommunen er utbygde.

Det står to stavkyrkjer i kommunen, Øye og Høre, og ei tredje vart flytta frå Vang til Karpacz i Polen i 1840-åra.

Fagernes-avisa Valdres er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa vart grunnlagd 1903 og kjem ut fire gonger kvar veke. Avisa er redigert på begge målformer.

I Vang tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1918. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1941. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 92 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Vidar Eltun (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017