
Vanylven kommune, Møre og Romsdal
North Cape Minerals, den største olivinprodusenten i verda, held til i Vanylven kommune.
Vanylven kommune, 385 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 3500 innbyggjarar og grensar i nord til Sande og Herøy, i aust til Volda, og til tre kommunar i Sogn og Fjordane, Eid og Vågsøy i sør og Selje i vest.
To kjende forfattarar er frå kommunen: Hilde Myklebust og Maria Parr. Maria Parr skriv barnebøker frå eit kystlandskap som kan minne om Vanylven.
I 1918 vart Syvde skild ut som eigen kommune, men i 1964 vart Syvde og delar av Rovde slått saman med Vanylven. I 2002 vart området sør for Hallefjorden overført frå Sande.
Vanylven ligg i eit fjordlandskap heilt sørvest i fylket. Det meste av busetnaden ligg ved fjorden, men der er òg spreidd busetnad i nokre dalføre. Dalføra er ofte tronge, gjerne med svært bratte dalsider. Kommunen har med SSB sin definisjon av tettstad éin tettstad: administrasjonssenteret Fiskå. Kommunen består av fleire bygder: Fiskå, Åheim, Syvde, Eidså, Rovde, Åram/Hakallestranda og Sylte.Det høgaste punktet i kommunen er Blæja, 1142 moh.
Den største verksemda i kommunen er North Cape Minerals. Mineralet olivin vert mykje brukt i råjernindustrien, og det meste av produksjonen vert eksportert. Her er òg trevare- og betongindustri og skipsverft. Mange er sysselsette i jordbruket, men oftast i kombinasjon med anna arbeid.
På Åheim ligg mellomalderkyrkja St. Jetmund, ei steinkyrkje frå rundt 1150.
St.Jetmund kyrkje på Åheim. Foto: Eva Smådahl/Riksantikvaren CC BY SA 3.0
Synste Møre er lokalavis for Vanylven, og det første nummeret kom i 1970. Avisa skifta i 1987 namn til VestAvisa, men tok tilbake det gamle namnet i 2000. Avisa kjem ut ein gong kvar veke, har hovudkontor i Fiskå og er redigert på nynorsk.
I Vanylven tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1917 (Rovde), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 (Rovde). Kommunen har tre grunnskular: Åheim, Myklebust og Fiskå, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Lena Marie Landsverk Sande (V) har vore ordførar sidan 2015.
https://www.vanylven.kommune.n... (lesedato 20.2.2018)
Sist oppdatert: 20.02.2018