Hopp til innhold

Vestnes kommune, Møre og Romsdal

Landbruksmuseet på Gjermundnes i Vestnes kommune dokumenterer landbruket i heile fylket og er i dag ein del av Stiftinga Sunnmøre museum.

Vestnes kommune, 355 m2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 6400 innbyggjarar og grensar i aust til Rauma, i sør til Stordal og Ørskog, i vest til Skodje og Haram og i nord til Midsund og Molde.

I 1899 vart Sylte (seinare Tresfjord) skild ut som eigen kommune. I 1964 vart Tresfjord igjen ein del av Vestnes.

Vestnes ligg på sørsida av Romsdalsfjorden. Det meste av busetnaden er konsentrert rundt to fjordarmar på sørsida. Ved Tomrefjorden ligg tettstadene Fiksdal og Tomra, medan Vikebukta, Tresfjord og administrasjonssenteret Vestnes ligg ved Tresfjorden. Terrenget stig til over 1000 meter mange stader i kommunen, men fjellsidene er relativt slake. Unntaket er området sør for Tresfjorden, der det er eit villare terreng. Her ligg òg det høgaste fjellet i kommunen, Sandfjellet, 1470 moh.

galleri

Dei slake liene gjer at tilhøva ligg godt til rette for jordbruk, og innanfor jordbruket ligg hovudvekta på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Industrien er likevel ei større næring. Her er fleire store skipsveft, men òg annan industri, som næringsmiddel- og trevareindustri. Rundt ein femdel av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Molde og Ålesund.

I Tresfjord ligg Tresfjord bygdemuseum, og i Vestnes ligg Båtbyggarmuseet.

Vestnesavisa er lokalavis for kommunen og kom med det første nummeret i 1983, og dei første tre åra var avisa gratis. Avisa har hovudkontor i Vestnes, kjem ut ein gong kvar veke og vert redigert på begge målformer.

I Vestnes tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908 (Tresfjord). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1930 (Tresfjord), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 (Tresfjord). Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Dette har auka på 2000-talet.


Geir Inge Lien (Sp) har vore ordførar i Vestnes sidan 2015.


Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017