Hopp til innhold
Vestre Slidre kommunevåpen har eit eit sølv sjøblad på blå bakgrunnm eit motiv frå Slidredomen.
Vestre Slidre kommunevåpen har eit eit sølv sjøblad på blå bakgrunnm eit motiv frå Slidredomen.
X
Innhald

Vestre Slidre kommune, Oppland

På Gardbergfeltet i Vestre Slidre står Einangsteinen, med runeinnskrift på urnordisk.

Vestre Slidre kommune, 464 m2, ligg i Oppland, har om lag 2200 innbyggjarar og grensar i nordvest til Vang, i nordaust til Øystre Slidre, i aust til Nord-Aurdal og i sørvest til Hemsedal i Buskerud.

Kommunen vart oppretta i 1849, då Slidre herad vart delt i Vestre og Øystre Slidre.

Slidre er det administrative senteret i kommunen, som òg har to andre mindre bygdesenter, Lomen og Røn/Fosheim. Dei fleste innbyggjarane i kommunen er busette langs Slidrefjorden, som er ein del av Begnavassdraget, og som deler kommunen i to. På nordaustsida av Slidrefjorden er skogkledde åsar; på sørvestsida går åsane over til vide fjellvidder. Det høgaste punktet i kommunen ligg mellom Gråkampen og Blåkampen, 1641 moh.

Jordbruk er den viktigaste levevegen i Vestre Slidre, og dei fleste gardbrukarane driv med mjølkeproduksjon. Den største verksemda er Østlandsmeieriet, med nær 100 tilsette. Det er framleis stølsdrift i kommunen, og dei store fjellviddene og nærleiken til Jotunheimen gjer òg reiseliv til ein viktig næringsveg. Det er fleire hyttefelt i kommunen, det største ligg på Vaset, der det kvar sommar vert arrangert ein stølsfestival.

galleri

Vestre Slidre er rik på fornminne. Gardbergfeltet har over 900 gravrøyser, vardar og bygdeborger.Ved nordenden av Slidrefjorden står Lomen stavkyrkje, bygd rundt 1200.

Fagernes-avisa Valdres er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa vart grunnlagd 1903 og kjem ut fire gonger kvar veke. Avisa er redigert på begge målformer.

I Vestre Slidre tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1910, nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1932. Kommunen har to grunnskular, Røn og Slidre, og skuleåret 2017/18 hadde 95 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Eivind Brenna (Bygdelista) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017