Hopp til innhold

Vik kommune, Sogn og Fjordane

Vik kommune er den einaste staden i landet der det vert produsert gamalost.

Vik kommune, 833 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2800 innbyggjarar og grensar i vest til Høyanger og til Modalen i Hordaland, i nord til Balestrand og Leikanger, i aust til Sogndal og Lærdal og i sør til Aurland og til Voss og Vaksdal i Hordaland.

I 1964 vart eit mindre område overført til Høyanger og eit anna område overført til Balestrand. Same året vart Vangsnes sokn overført frå Balestrand til Vik. I 1992 vart eit område på sørsida av Sognefjorden overført frå Leikanger til Vik.

Vik ligg på sørsida av Sognefjorden, der dei to korte fjordarmane Finnafjorden og Arnafjorden bryt opp kystlinja. Frå fjorden stig fjellsidene bratt opp, med unntak av nokre dalføre. Det meste av busetnaden ligg nedst i desse dalføra, rundt halvparten av innbyggjarane bur i administrasjonssenteret Vikøyri, men der er òg busetnad i dalføra frå Feios og Fresvik. I aust ligg Fresvikbreen, som er det høgaste punktet i kommunen, 1648 moh.

Den viktigaste næringsgreina er industri, med jern- og metallindustri som det mest utbreidde. Vik Verk AS, som fram til 2001 var ein del av Hydro Aluminium, er den største arbeidsstaden. Det er òg litt trevareindustri og maskinproduksjon. I dalføra innover frå Vikøyri er det ein del jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald, og ved fjorden vert det fleire stader dyrka frukt og bær. Vik fengsel er det einaste fengselet i fylket.

På Vangsnes står Fridtjovstatuen, som medrekna sokkelen er 26,5 meter høg. Statuen var ei gåve frå keisar Vilhelm II, som i åra før den første verdskrigen vitja området kvar sommar. I Vikøyri ligg to restaurerte kyrkjer frå 1100-talet, Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. I Vik ligg Kristianhus båtmotormuseum.

Vik Hopperstad stavkyrkje Foto Peter Nijenhils CC BY NC ND 3.jpg?w=600

Hopperstad stavkyrkje. Foto: Peter Nijenhils CC BY NC ND 3.0

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Vik tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1924 (Fresvik), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Olav Turvoll (Senterpartiet) har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 20.02.2019