Hopp til innhold

Vindafjord kommune, Rogaland

Kommunen vart oppretta 2006, då Vindafjord og Ølen, som tidlegare låg i Hordaland, vart slått saman til ein kommune.

Vindafjord kommune, 620 m2, ligg i Rogaland, har om lag 8100 innbyggjarar og grensar i aust og sør til Suldal, i sør til Tysvær, og til tre Hordalands-kommunar – i vest til Sveio, i nord til Kvinnherad og i aust til Etne.

Både i nord og sør grensar kommunen til fjordar, i sør til dei nordlegaste armane av Boknafjorden; i nord til fjordarmar av Hardangerfjorden. Landskapet er prega av runde åsar og fjell. Busetjinga er spreidd, med fire mindre tettstader, Sandeid, Vikedal, Skjold og administrasjonssenteret Ølen. Det høgaste punktet i kommunen er Bjønndalsnuten, 1017 moh.

I industrien er verkstadindustri det vanlegaste, med produksjon av oljeplattformer og skip. Her er òg næringsmiddelindustri, med fleire slakteri. Jordbruk er ei viktig næring, med hovudvekt på husdyrhald. Kommunen er ein av kommunane i Rogaland med størst uttak av skog. 
 
På Utbjoa finst eit stort fornminnemiljø, med helleristningar, gravrøyser og skålgroper. Også på Eide er det eit stort felt med gravhaugar. Nerheimstunet er eit gardstun med bygningar frå rundt 1850 og er ei avdeling av Sunnhordland folkemuseum. Vikedal Roots Music Festival vert arrangert kvar sommar og vart første gong arrangert i 1999.

Grannar er lokalavis for Etne og Vindafjord og kom med det første nummeret i 1973. Avisa har hovudkontor i Etne, kjem ut to gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Vindafjord tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1915. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1938 (Ølen), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Ølen). Skuleåret 2017-2018 hadde 100 % av elevane nynorsk som hovudmål.

Ole Johan Vierdal (Sp) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017