Hopp til innhold

Vinje kommune, Telemark

Vinje kommune er den nest største kommunen i Sør-Noreg og er større enn heile Vestfold fylke.

Vinje kommune, 3117 km2, ligg i Telemark, har om lag 3600 innbyggjarar og grensar i aust til Tinn og Seljord, i sør til Tokke, i vest til Bykle i Aust-Agder, Suldal i Rogaland og Odda, Ullensvang og Eidfjord i Hordaland, og i nord til Nore og Uvdal i Buskerud.

Vinje og Rauland vart slått saman til éin kommune i 1964.

I sør og aust går fleire dalar gjennom kommunen, og det er her folk er busette. Dei nordvestlege delane av kommunen strekkjer seg innover Hardangervidda, mykje av dette som del av nasjonalparken. Administrasjonssenteret Åmot er eit trafikknutepunkt, der E134 og Riksveg 37 og 38 møtest. Det er elles spreidd busetjing, med ein viss konsentrasjon rundt Krossen (Rauland) og Edland/Haukeligrend. I fjellområda er det mange store vatn. På øya Hovden i Møsvatn, det største vatnet i fylket, ligg Møsstrond kyrkje, den høgastliggjande kyrkja i landet. Det høgaste punktet i kommunen er Nupsegga, 1672 moh.

galleri

Det er framleis mykje skog- og jordbruk i Vinje, med husdyrhald som det mest utbreidde innan jordbruket. Mange kombinerer gardsdrift med hytteutleige eller gardsturisme. Vinje er kommunen med flest hytter i fylket. Kommunen har litt trevare- og møbelindustri. Mange av vassdraga i kommunen er utbygde, og fire kraftverk har ein årleg produksjon på om lag 1,9 TWh.

I Krossen er mange av arbeida til dei to kunstnarane Dyre Vaa og Knut Skinnarland samla i to galleri. Akademiet i Rauland opna i 1987 og hyser i dag avdeling for folkekultur under Høgskolen i Telemark. På Plassen i grenda Vinje står Vinjestoga, barndomsheimen til diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Like ved står eit monument til minne om Vinje, og i Åmot er det monument til minne om Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Vinjesenteret, eit museum for dikting og journalistikk er under etablering ved Vinje skule, og blir ei avdeling i Nynorsk kultursentrum. I Vinje Biletgalleri i Smørklepp er det samla mange kunstverk av Henrik Sørensen og Harald Kihle. I september kvart år vert Litteraturdagane i Vinje arrangert.

Vest-Telemark Blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Vinje. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Vinje tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1908, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 (Rauland). Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 94 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jon Rikard Kleven (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006

http://www.vinje.kommune.no

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Peikarar

Nettstaden til Vinjesenteret


Sist oppdatert: 18.12.2017