Hopp til innhold
Volda kommune sitt kommunevåpen, som viser ein pennesplitt. Då dette kommunevåpenet vart lagt fram for politikarane for handsaming var tittelen «Det opplyste bondevelde». Volda sitt kommunevåpen vart vedtatt i 1987.
Volda kommune sitt kommunevåpen, som viser ein pennesplitt. Då dette kommunevåpenet vart lagt fram for politikarane for handsaming var tittelen «Det opplyste bondevelde». Volda sitt kommunevåpen vart vedtatt i 1987.
X
Innhald

Volda kommune, Møre og Romsdal

Volda kommune har ei lang historie som skulestad, og ved Høgskulen i Volda er det kring 4000 studentar. Kommunen er òg eit viktig sentrum for nynorsk skriftkultur.

Volda kommune, 547 km2, ligg heilt sør i Møre og Romsdal og har kring 9000 innbyggjarar. Kommunen grensar til Ørsta i nordaust, Hornindal og Eid i sør og Vanylven i vest.

Kart som viser Møre og Romsdal fylke si plassering i Noreg og Volda kommune si plassering i fylket. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO.

Kart som viser Møre og Romsdal fylke si plassering i Noreg og Volda kommune si plassering i fylket. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO. Trykk her for å sjå eller laste ned kartet i større format.

Volda blei etablert som eigen kommune i 1837, men fekk sine noverande grenser i 1964, etter ei samanslåing med Dalsfjord. Tettstaden Volda er administrasjonssentrum, medan Fyrde, Folkestad og Lauvstad/Dravlaus er andre lokale senter.

Geografisk omfattar Volda kommune områda kring Voldafjorden og fjordarmane Austefjorden mot aust og Dalsfjorden mot sør. Omkransa av høge, bratte fjell byr Volda på mange naturopplevingar. Kyrkjefjellet, som er ein del av Sunnmørsalpane, er det høgaste fjellet, 1482 moh.

Volda sentrum. Solnedgang i hamna. Foto: Askjell Nicholas Raudøy. Med løyve for Allkunne.

Volda sentrum. Solnedgang i hamna. Foto med løyve for Allkunne: Askjell Nicholas Raudøy.

Volda har hatt lærarutdanning sidan 1861 og er framleis ein viktig utdanningsstad. Høgskulen i Volda har kring 4000 studentar og er i tillegg til sjukehuset og kommuneadministrasjonen ein av dei største arbeidsplassane i kommunen. Høgteknologisk industri er òg ei viktig næring, i tillegg til det tradisjonelle jordbruket.

Panoramafoto av Volda sentrum (2016). Foto: Chris-Håvard Berge, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Panoramafoto av Volda sentrum (2016). Foto: Chris-Håvard Berge, Flickr.com CC BY-NC 2.0. Trykk her for å studere fotoet i høg oppløysing

Saman med nabokommunen Ørsta er Volda eit viktig sentrum for nynorsk skriftkultur. Ved Høgskulen i Volda ligg Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, som er den einaste institusjonen i landet som tilbyr mastergrad i nynorsk skriftkultur. Ved høgskulen finn ein òg Nynorsksenteret, som er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Dei Nynorske Festspela, som blir arrangerte kvart år i slutten av juni, går føre seg i nabokommunane Ørsta og Volda. Avisa Møre er ei av dei eldste lokalavisene i Noreg. Ho kjem ut i Volda og blir redigert på nynorsk.

I Volda tok skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1898, og i 2017 har 99 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål. Nynorsk liturgi blei innført i 1927. Volda kommune har nynorsk som offisielt tenestemål.

Jørgen Amdam (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2015]

Nettstaden til Høgskulen i Volda: http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen?tabID=5[lesedato 12.1.2014]

Nettstaden til Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa: http://www.nynorsksenteret.no/nyn/om-senteret/ [lesedato 12.1.2014]

Nettstaden til Volda kommune: http://www.volda.kommune.no[lesedato 12.1.2014]

Peikarar

Nettstaden til Volda kommune


Først publisert: 11.08.2015
Sist oppdatert: 18.12.2017