Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Voss herad. Kjelde: digitalarkivet.no.
Kommunevåpenet til Voss herad. Kjelde: digitalarkivet.no.
X
Innhald

Voss herad, Vestland

Etter kommunereforma i 2020 er Voss ein av tre norske kommunar som kallar seg herad. Voss herad vart kåra til årets nynorskkommune i 2020.

Voss herad, 2042 km2, ligg i Vestland fylke, har om lag 15 740 innbyggjarar og grensar i aust til Ulvik og Aurland, i sør til Ullensvang, i sørvest til Kvam, i nordvest til Vaksdal og i nord til Vik. Kommunen vart danna i 2020 etter samanslåing av Voss kommune og Granvin herad. Heradet dekkjer mykje av innlandet mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden.

Vossovassdraget, eit av dei største vassdraga på Vestlandet, går gjennom kommunen og renn ut i Bolstadfjorden i vest. Det meste av busetnaden ligg i dei store dalføra som møtest ved administrasjonssenteret Vossevangen. Tettstaden Granvin ligg inst i Granvinfjorden sør i kommunen. Olsskavlen (1576 moh.) er det høgaste punktet i kommunen.

Jordbruk med husdyrhald er ein viktig næringsveg, og kommunen har større jordbruksareal og fleire sauer enn nokon andre kommunar i Vestland. Dei viktigaste industrigreinene er næringsmiddel- og maskinindustri. Med mange turistar både sommar og vinter er reiseliv ei viktig næring. I Bavallen og Myrkdalen ligg store skianlegg. Voss Gondol opna i 2019 og fraktar turistar frå Vossevangen til Hanguren (802 moh.). Bergensbana stoppar fleire stader i Voss og hadde tidlegare eit sidespor til Granvin.

Voss offentlege landsgymnas vart oppretta i 1916 som det første landsgymnaset i landet. I dag har Voss to vidaregåande skular og ein folkehøgskule, i tillegg til Ole Bull Akademiet, som underviser i og om norsk folkemusikk og folkedans.

Voss folkemuseum og Granvin bygdemuseum har eit titals bygningar ulike stader i kommunen. Finnesloftet på garden Finne er ein av dei eldste verdslege bygningane i landet, truleg bygd i 1295. Vangskyrkja er ei stor steinkyrkje frå 1270-åra. Dei store festivalane Ekstremsportveko, Vossajazz og Osafestivalen vert arrangerte i Voss kvart år. Det regionale symfoniorkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917.

Vangskyrkja på Voss. Foto (2012): Tim Abbott, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Vangskyrkja på Voss. Foto (2012): Tim Abbott, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Lokalavisa heiter Hordaland. Ho kom ut første gongen i 1883 og vert redigert på nynorsk.

I Voss tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1902 (Evanger). Nynorsk liturgi vart røysta inn i Voss i 1918 og i Granvin i 1920. Begge kommunane fekk nynorsk tenestespråk i 1921. Voss var då den første kommunen i landet som kravde nynorsk i brev frå staten. Skuleåret 2019–20 hadde 99 prosent av elevane nynorsk som opplæringsspråk.

Hans-Erik Ringkjøb (Ap) har vore ordførar i Voss sidan 2011.

I 2020 vart Voss herad kåra til årets nynorskkommune.

Kjelder

Eirik Helleve: «Voss kommune, Hordaland» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/voss-kommune-hordaland/23/840/ [lesedato 17.8.2020]

Eirik Helleve: «Granvin herad, Hordaland» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/granvin-herad-hordaland/23/894/ [lesedato 17.8.2020]

Kartverket: «Fakta om Norge», kartverket.no: https://www.kartverket.no/kunnskap/Fakta-om-Norge/ [lesedato 17.8.2020]

Landbruksdirektoratet: «Statistikk og utvikling», landbruksdirektoratet.no: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/statistikk/ [lesedato 17.8.2020]

Språkrådet: «Voss herad er årets nynorskkommune 2020», sprakradet.no, publisert 30.10.2020: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2020/voss-herad-er-arets-nynorskkommune-2020/ [lesedato 2.11.2020]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/ [lesedato 17.8.2020]

Geir Thorsnæs, Svein-Gunnar Selland: «Voss», snl.no: https://snl.no/Voss [lesedato 17.8.2020]

Utdanningsdirektoratet: «Grunnskolens informasjonssystem» (GSI), gsi.udir.no: https://gsi.udir.no/app [lesedato 17.8.2020]

 

Peikarar

Voss herad, voss.herad.no

Visit Voss, visitvoss.no

Hardanger og Voss museum, hardangerogvossmuseum.no

Ekstremsportveko, ekstremsportveko.com

Først publisert: 02.11.2020
Sist oppdatert: 02.11.2020