Faktaboks

Også kjend som

Voss herad

Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
15 875 (2022)
Landareal
1 958 km²
Høgaste fjell
Olsskavlen (1576 moh.) på grensa til Granvin
Innbyggjarnamn
vossing, voss (mann), vosse (kvinne), vesser (fleirtal), gravensar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4621 (frå 01.01.2020, tidlegare 1235)
Kommunevåpen fra 2020
Kart: Voss kommune i Vestland
Voss kommune i Vestland fylke.
Kart: Voss kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Voss
Voss

Voss. Utsikt over Voss sentrum med Vangsvatnet til venstre. I bakgrunnen Hanguren og Lønahorgi. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Voss er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg rundt Vossevassdraget mellom grensa til Ulvik øvst i Raundalen i aust og munninga i Bolstadfjorden i vest, samt sidedalane Bordalen, Dalane (dalføret mot Hamlagrø) og Istadelva sitt dalføre.

Voss kommune grensar mot Ullensvang i sør og Kvam i vest, ved Hardangerfjorden og Strandaelva sitt dalføre med sidedalar og Teigdalen i nord, samt dei omkringliggande fjelltraktene.

Sentralt i kommunen ligg Vangsvatnet med administrasjonssenteret Vossavangen i nordaustenden. Kommunen vart i 1964 slått saman med Vossestrand og Evanger med unntak av Eksingedalen og Bergsdalen. Voss fekk dei noverande grensene sine i 2020, då Granvin vart innlemma i kommunen.

Natur

Berggrunnen i Voss tilhøyrer Kaledonidene, som består av glimmerskifer i dei sentrale strøka omkring Vangsvatnet og mellom skyvedekka som dekkjer skiferen. Skyvedekka av gneis, granitt og gabbro (anortositt) dannar dei høgstliggjande partia i kommunen. Høgast ragar Olsskavlen (1576 meter over havet) på grensa til tidlegare Granvin herad. Blåfjell på grensa til Vik i nord når 1548 meter over havet. Mest kjent er Lønahorgi (1410 meter over havet) like nord for Vossavangen.

Lengst nordvest i kommunen ligg delar av Stølsheimen landskapsvernområde. I nordaust deler av Nærøyfjorden og Bleia-Storebotnen landskapsvernområde som begge er oppførte på UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda.

Busetnad

Urdland
Frå Urdland i Raundalen.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Busetnaden finn ein særleg i dei nedre delane av dalane som fører mot Vossavangen, Raundalen frå aust, Strandaelvas dalføre frå nordaust, Bordalen frå sør og Eidet i Granvin i søraust, og dessutan i Vossos dalføre ned til Bolstadøyri.

Omkring tettstaden og administrasjonssenteret Vossavangen (6345 innbyggjarar i 2016) ligg eit ope, fruktbart landskap rundt det idylliske Vangsvatnet. Andre tettstadene til kommunen er Skulestadmoen (1473 innbyggjarar) nord for Vossavangen og Mønshaugen/Bjørgum (731 innbyggjarar) i søraust. Andre tettgrender er mellom anna Evanger ved Evangervatnet i vest og Eide, Røynstrand i Granvin i sør.

Folketalet i kommunen har halde seg relativt stabilt sidan 1970-åra.

Kart over Voss kommune
Kart over Voss kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Næringslivet på Voss blir prega av Vossavangen si rolle som handels-, administrasjons-, skule-, kommunikasjons- og turistsenter. Servicenæringane sysselsette i alt 75 prosent av yrkesbefolkninga i 2016. Elles er jordbruk og industri av betydning.

Jordbruket blir dominert av husdyrhald, særleg storfe og sau, der kommunen har høgast dyretal blant kommunane i fylket. Også det samla jordbruksarealet er størst i fylket. Berre to prosent av jordbruksarealet er åker og hage. Skogarealet er størst blant kommunane i fylket, og i 2015 vart det avvirket 24 600 kubikkmeter, noko som utgjorde 11 prosent av dåverande Hordaland fylkes totale avverknad.

Industrien er variert med hovudvekt på næringsmiddel-, mineralprodukt- og maskinindustri, med høvesvis 28, 22 og 10 prosent av sysselsetjinga i industrien (2016).

Voss er ein stor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1589 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 14 kraftverk i kommunen, og største fallhøgd er 770 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Evanger kraftverk (i drift frå 1969, med overføring av vatn frå Eksingedalen) og Hodnaberg kraftverk (1953, overføring frå Torfinno). Folkedal kraftverk, som utnyttar eit fall på 336 meter i Folkedalselva, vart opphavleg bygd i 1939, opprusta i 1962 og eit heilt anlegg nytt vart bygd i 2013. Eigar er Hardanger Energi AS (tidlegare Indre Hardanger Kraftlag).

Samferdsel

Seimsgrend
Frå Seimsgrend, med Bergensbanen på ei side og E16 på hi side av Seimsvatnet.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Bergensbanen går gjennom kommunen og følgjer Raundalen/Vosso sitt dalføre. Hardangerbana (Voss–Granvin) vart nedlagt i 1985. Strekninga frå Voss stasjon til Palmafossen godsterminal blir nytta til godstrafikk.

E16 går gjennom kommunen, frå grensa mot tidlegare Sogn og Fjordane i Nærøydalen i aust og til grensa mot Vaksdal kommune ved Kluftafjelltunnelen i vest. Riksveg 13, indre stamvegVestlandet, går frå grensa mot Ullensvang kommune til Vossavangen og vidare nordover Vikafjellet til Vik i Sogn. Ein fylkesveg fører opp Raundalen frå Vossavangen, likeins opp Bordalen og frå Bulken over Hamlagrø til Dale i Vaksdal.

Det er ein småflyplass utan rutetrafikk på Bømoen ved Vossavangen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

På Vossavangen ligg Voss sjukehus og ei rekkje mindre helseinstitusjonar. Kommunen har fem vidaregåande skular med ei rekkje studieretningar; forutan allmenne- og økonomiske linjer òg husflidsskule, jordbruksskule og helse- og sosialfagleg linje. Det finst òg ein folkehøgskule. I tillegg ligg Ole Bull Akademiet på Voss, som underviser i og om norsk folkemusikk og folkedans.

Voss høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Voss svarer til dei seks sokna Evanger, Oppheim, Raundalen, Vinje, Granvin og Voss i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Voss til Hardanger og Voss fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Voss

For statistiske formål er Voss (per 2016) delt inn ni delområde med til saman 58 grunnkrinsar:

  • Evanger: Rongen, Bolstad/Vassenden, Evanger/Skorve, Teigdalen, Vossadalen, Åburdahorgi, Kringsdalen
  • Bulken: Vestbygdi, Dyrvedalen vest, Dyrvedalen aust, Skjeldal, Viki, Hamlagrø
  • Bordalen: Giljane, Gjerald, Bordalen, Vivås/Mala, Fenne, Mønshaugen, Gråsida, Almenningane, Austfjelli
  • Kvitli: Gjernes, Haugamoen, Kvitli
  • Tjukkebygdi: Tjukkebygda
  • Vossevangen: Gullfjordungen, Finne, Ullestad/Mølster, Rognsbakken, Hagebyen, Vangen, Nordfjelli
  • Borstrondi: Ringheim, Skulestadmarka, Skulestadmoen, Borstrondi, Reppen, Nedkvitne, Kvitheim
  • Raundalen: Kyte, Kløve, Urdland, Lid, Reime, Mjølfjell, Horndalen, Raundalsfjelli
  • Vossestrand: Stalheim, Hauge, Framnes, Vinje, Myrkdalen, Sundve, Egdetveit, Vikafjellet, Kvanndalen, Brandsetdalen

Historikk og kultur

Hyttetun på Bavallen framfor det ruvande fjellet Lønahorgi.

Hyttetun på Bavallen framfor det ruvande fjellet Lønahorgi.

Hyttetun på Bavallen framfor det ruvande fjellet Lønahorgi.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er gjort mange og til dels verdifulle gravfunn i kommunen. I høgmellomalderen utgjorde Voss og det omkringliggjande landet eit eige fylke – Vǫrsaveldi («vossaveldet»), som strekte seg frå Sygnafylki til Osterøya. Sentralt på Vossavangen ligg den store steinkyrkja Voss kyrkje frå rundt 1270 i gotisk stil, og med inventar og utsmykking frå hovudsakleg 1600-talet. Aust for kyrkja finst Olavskrossen til minne om kristninga til vossingane i 1023.

Voss offentlege landsgymnas vart oppretta i 1916 som det første landsgymnaset i landet. Det regionale symfoniorkesteret Fossegrimen vart skipa i 1917.

Voss folkemuseum og Granvin bygdemuseum har eit titals bygningar ulike stader i kommunen. Finnesloftet på garden Finne er ein av dei eldste verdslege bygningane i landet, truleg bygd i 1295. Lydvaloftet er om lag 100 år yngre. Magnus Dagestadmuseet har møblar, treskurd, måleri og teikningar. Mølstertunet er eit godt bevart vestlandsk tun, der dei eldste husa er frå rundt 1600. Til Voss Folkemuseum høyrer òg Nesheimtunet, ti kilometer nord for Vossavangen.

På tunet til Stalheim Turisthotell, nærare bestemt på «Fuglahaugen» rett ved hotellet, er det oppført mange eldre bygningar frå Vosse- og Sognebygder, forutan at det er ei verdifull privat samling av eldre gjenstandar. I 1892 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i Stalheimselven, som var det andre kraftverket i Noreg. I 1933 bygde Stalheim Turisthotell eit kraftverk i «Sivleselvi» i nærleiken av toppen av Sivlefossen og seinare vassverk frå elva i Brekke-/Stalheimsdalen.

turismen tok seg opp på slutten av 1800-talet og Stalheim turisthotell vart bygd (1885), var det mykje turisttrafikk, som vart «skyssa» med hest og karjol mellom Gudvangen og botnen av Stalheimskleiva. Det var hovudsakleg for tungt å køyre turistane opp Stalheimskleiva med hest, men dei som betalte ekstra, kunne verte køyrde opp. Dette vart kalla «bergaskyss». Elles måtte turistane gå opp og ned, og difor vart det bygd ein paviljong omtrent midt i Stalheimskleiva. Denne vart seinare flytta opp på ein plass på toppen av Stalheimskleiva, før den seinare vart seld og flytta til Gudvangen, der han står i dag ved ferjekaia. I botnen av Stalheimskleiva var det haldeplass for hestane, der dei stod og venta på turistane, og ei kaffistove der «skyssfolka» (transportørane) kunne få seg kaffi.

Voss er i dag bygd ut som vintersportssenter med særleg godt utbygde alpinanlegg med tilhøyrande stolheisar, svevebanar og skitrekk. Bavallen er ein kjend hoppbakke. Det er mange hotell, pensjonat og gjestgiverier. Dei store festivalane Ekstremsportveko, Vossajazz og Osafestivalen vert arrangerte i Voss kvart år.

Den bergenske hovudvegen/Kongevegen går forbi Voss frå Bolstad på grensa til Vaksdal kommune i vest, via Vossavangen. Vidare austover i Strandaelva sitt dalføre/Vossestrand og Stalheimskleiva, til grensa mot sokn, der Nerøydalen startar. Delar av strekningane er framleis intakte.

Lokalavisa heiter Hordaland. Ho kom ut første gongen i 1883 og vert redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet før 2020 hadde ein opprett hjort i sølv mot raud bakgrunn.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kommunevåpenet er ei fele i sølv mot ein raud bakgrunn. I samband med at Voss og Granvin vart slått saman til Voss kommune i 2020, vart hardingfela frå tidlegare Granvin kommune sitt kommunevåpen plassert på den raude bakgrunnen frå Voss kommune sitt tidlegare kommunevåpen.

Kommunevåpenet (godkjent i 1977) var tidlegare eit opprett sølv hjort mot ein raud bakgrunn. Motivet har tilhøyrt Finne-ætta.

Namn

Namnet kjem av den norrøne forma Vǫrs, og kan opphavleg vere namnet på Vangsvatnet, til ei rot uer-, 'vatn'. Ei anna, meir tvilsam forklaring er at Vǫrs er ei totalform og tyder 'høgd'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerdåker, Johannes: Ålmenn soge for Voss: frå 1800 til vår tid, 1990-91, 2 b.
  • Kindem, Lars: Vossaboki, 1933-38, 4 b.
  • Kindem, Lars og Ivar Kvarekvål: Vossaætter, 1928-84, 5 b.
  • Kommunejubileet 1837-1937: festskrift for Voss herad, 1937
  • Schjærven, Lars & Johannes Gjerdåker: Evangerboka: gards- og ættesoge, 1982-84, 2 b.
  • Sæbø, Per: Voss: ei orientering om Vossabygdene i gamal og ny tid, 1951
  • Voss bygdebok, 1971-80, 3 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg