Hopp til innhold

Voss kommune, Hordaland

Voss vart i 1921 den første kommunen som kravde nynorsk mål i brevbyte med styresmaktene.

Voss kommune, 1816 m2, ligg i Hordaland, har om lag 13 800 innbyggjarar og grensar i aust til Ulvik og til Aurland i Sogn og Fjordane, i sør til Granvin og Kvam, i vest til Vaksdal og i nord til Vik i Sogn og Fjordane.

I 1867 vart eit mindre område overført til Hosanger. I høvesvis 1868 og 1875 vart Vossestrand og Evanger skilde ut som eigne kommunar. I 1869 vart eit mindre område overført til Vossestrand. I 1964 vart Vossestrand og det meste av Evanger igjen ein del av Voss kommune.

Voss er den største kommunen i fylket. Kommunen ligg rundt dei fire dalføra som møtest ved Vossevangen, og rundt dalføret som går frå Vangsvatnet og vestover mot Bolstadfjorden. Rundt dalføra er det store fjellområde. Det aller meste av busetnaden ligg i dalføra, med tettstader på Vinje, Oppheim, Evanger og administrasjonssenteret Vossevangen. Det høgaste punktet i kommunen er Olsskavlen, 1576 moh, som ligg aust i kommunen, på grensa til Granvin.
 
Voss har svært gode forhold for ski. Her frå Voss Resort. Foto: terje Nesthus. CC BY SA 3.0
Voss har svært gode forhold for ski. Her frå Voss Resort. Foto: terje Nesthus. CC BY SA 3.0

Her er mykje jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald. Ingen andre kommunar i fylket har fleire sauer enn Voss, og det samla jordbruksarealet er det største i Hordaland. Dei viktigaste industrigreinene er næringsmiddelindustri og maskinindustri. Voss er eit trafikknutepunkt og har mange turistar både sommar og vinter, og her er store overnattingsstader både på Vossevangen og ved skianlegga i Myrkdalen og andre stader. Voss landsgymnas vart i 1916 det første landsgymnaset i landet. I dag er her fem vidaregåande skular, og Voss folkehøgskule ligg like vest for sentrum. Ole Bull Akademiet har sidan 1977 gitt opplæring i og om norsk folkemusikk og folkedans.

På garden Finne står Finnesloftet frå rundt 1250, ein av dei eldste ikkje-kyrkjelege bygningane i landet. Voss folkemuseum, ei avdeling av Hardanger og Voss museum, har eit tital hus ulike stader i kommunen. Ved Stalheim hotell er det eit stort privat museum. Vangskyrkja er ei stor steinkyrkje frå 1270-åra. Her er fleire årlege festivalar – VossaJazz vart første gong arrangert i 1973; folkemusikkfestivalen OsaFestivalen vart første gong arrangert i 1992, medan Ekstremsportveko, som i tillegg til å tilby ekstreme friluftsaktivitetar har store konsertar kvar kveld, første gong vart arrangert i 1998.
 
Frå ekstremsportveko 2014. Foto: Mads Oliver.CC BY SA 3.0
Frå ekstremsportveko 2014. Foto: Mads Oliver.CC BY SA 3.0

Avisa Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal og kom med første nummeret i 1883. Avisa har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Voss tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1902 (Evanger). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Skuleåret 2017-2018 hadde 99 % av elevane på Voss nynorsk som hovudmål.

Hans-Erik Ringkjøb (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. Bergen 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Hovdebygda 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmålOslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13. Oslo 2006
 
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsihttp://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 01.03.2011]  
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Voss kommune, http://www.ssb.no/kommuner/region.cgi?nr=12 [lesedato 01.03.2011] 
Nettstaden til Voss kommune, http://www.voss.no [lesedato 01.03.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Hordaland fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=12&sok= [lesedato 01.03.2011] 


Sist oppdatert: 18.12.2017