Hopp til innhold
X
Innhald

Sápmi

Sápmi er det nordsamiske namnet for Sameland. Av andre folk har området opp gjennom tida vorte kalla Lapponia, Lappia, Lappland, Finnmork og Finnmark – som alle tyder «samane sitt land».

Samane var dei første til å busetje seg i Sápmi, som etter det vi no veit, strekte seg frå Kola i nordaust til Valdres i Oppland i sørvest (jamfør arkeologiske funn på Aurskog i 2008) og uvisst kor langt sør i det som no er Sverige.
Samane har eksistert som eitt folk på nordkalotten, med eige språk, historie, kultur, verdsoppfatning og samfunnsform, tradisjonar og levevegar (med lokale variasjonar) lenge før nasjonalstatane oppstod og gradvis gjorde samane til eit folk som lever i fire land. Statsgrensene går hovudsakleg nord–sør og skjer tvers over dei tradisjonelle samiske språk- og sida-grensene (samisk siida), som i stor grad følgde dei instinktive flytterutene til reinen aust–vest. I fleire tilfelle har folk frå den same vesle folkegruppa vore skilde av fysiske grenser i generasjonar, utan sjanse til kontakt.
Den tradisjonelle samiske bruken av natur og landområde – levevegar som reindrift og kombinasjonsnæring av småbruk, fiske, fangst og utmarksnæringar – har vorte sterkt regulerte og truga av storsamfunna rundt, som nyttar ressursane i konkurranse med urfolka sin «alders tids bruk» (ein term som gir rettar ifølgje internasjonale avtalar). FN og andre internasjonale organ og avtalar skal sikre urfolk rettar som ikkje alltid vert etterlevde eller følgde opp av nasjonalstatane der dei bur. Urfolk er nasjonar som er organiserte på ein annan måte enn nasjonalstatane – utan sentralmakt, stormenn, kongar, militære, fysiske grenser osv. Samane sin status som urfolk gjer dei til ein del av verdsarven, og nasjonalstatane Noreg, Sverige, Finland og Russland er difor av verdssamfunnet pålagt ansvaret for at dei skal kunne halde oppe eigenarten sin. Det gjeld alt frå åndelege til næringsmessige forhold – måten ein nyttar naturen på og lever av og i nærleik til han. I praksis vil det seie at statane avstår ressursar – pengar, land og vatn – og samepolitikk kan difor vere utfordrande for storsamfunna.

Først publisert: 21.05.2014
Sist oppdatert: 04.08.2014