Hopp til innhold
X
Innhald

Noreg

Noreg er det landet på den skandinaviske halvøya som ligg lengst mot vest og nord og grensar mot Sverige, Finland og Russland. Geografiske særmerke er lange fjordar, mange øyar, store fjellmassiv med nokre høge toppar, og få flatbygder. Noreg er ein velferdsstat og ein rik stat, tynt folkesett med få større byar. Statsforfatninga byggjer på ei maktdeling mellom Stortinget, regjeringa og domstolane.

Noreg er ein sjølvstendig stat og ein aktiv deltakar i det internasjonale samfunnet. Landet er demokratisk, med eit folkevalt parlament, Stortinget. Styreforma er parlamentarisk, og regjeringa må ha fleirtal i Stortinget for å styre landet. Statsministeren, som no (2014) heiter Erna Solberg, er leiar for regjeringa. Noreg har ein konge som symbolsk statsleiar, Harald 5. Landet har ein desentralisert struktur, med fylke og kommunar, styrte av folkevalde organ. Dei har viktige oppgåver innanfor velferd, omsorg, skule og infrastruktur.


(Artikkelen held fram under biletet)
Kong Harald. Foto: Cathrine Wessel/Det Kongelige Hoff
Kong Harald. Foto: Cathrine Wessel/Det Kongelige Hoff
Noreg er rikt på olje og gass, fisk, tømmer, mineral og vasskraft. Dei som bur og arbeider i landet, har den fjerde høgaste inntekta i verda. Inntekta frå oljeverksemda går til eit fond, Statens pensjonsfond utland, ofte kalla Oljefondet, og berre delar av avkastninga vert brukt i drifta av staten Noreg. Fondet tryggjer den norske økonomien når verdsøkonomien er i ulage, og gir styresmaktene stort økonomisk og politisk spelerom.
Størstedelen av innbyggjarane i Noreg er fødde i landet og har foreldre som er fødde her. Men dei siste tiåra har folkeveksten kome frå innvandring frå naboland, særleg Sverige, austeuropeiske land og Pakistan, Irak og Somalia. Innvandringa har ført til politisk debatt om kor mange som bør få kome hit. Det finst folk med sterke rasistiske haldningar, men stort sett vert innvandrarar tekne imot på høvisk vis av nordmenn flest. Mange næringar og omsorgsverksemder hadde ikkje greidd seg utan innvandrarane, som ofte går inn i slike jobbar.
Noreg har eit godt skulestell, og folk er velutdanna. Næringslivet er dels eigd av private investorar, dels av staten. Industriverksemdene er moderne, og mykje av industrien er basert på forsking. Landet har eit rikt kulturliv, dels finansiert av staten. Idretten høyrer med under det ein kallar «det utvida kulturomgrepet», og er til ein viss grad finansiert av staten. Den organiserte idretten er den største folkerørsla i landet, med fotball og ski som dei største idrettane.
Ferja kryssar Hjørundfjorden på Sunnmøre, med toppen Hornindalsrokken i bakgrunnen. Foto Martin Hauge-Nilsen (med løyve for Allkunne)
Ferja kryssar Hjørundfjorden på Sunnmøre, med toppen Hornindalsrokken i bakgrunnen. Foto Martin Hauge-Nilsen (med løyve for Allkunne)
Namnet Noreg eller Norge har si rot i det norrøne Norvegr, som tyder vegen mot nord. I skriftlege kjelder er namnet kjent frå 800-talet, i Ottars forteljing om reisa si frå Nord-Noreg til kong Adalstein i England. Namnet vert der brukt om kysten frå Finnmark til Rogaland. I begge dei noverande namneformene har v-en falle bort. Noreg og Norig, eller Norri’, er velkjende former frå norsk daglegtale på Vestlandet og i Trøndelag, medan Norge har austnorsk og dansk opphav. Ivar Aasen brukte Norig som namn på landet.
Den norske nasjonaldagen er 17. mai, som var dagen då grunnlovsfedrane på Eidsvoll underteikna Grunnlova. Nasjonalsongen er «Ja, vi elsker» av Bjørnstjerne Bjørnson, med melodi av Rikard Nordraak. Flagget er regulert gjennom ei lov som ikkje er endra nemneverdig sidan 1821/1898, og er sett saman av dei tre fargane raudt, kvitt og blått, og delt opp i kvadrat og rektangel etter eit fastsett mønster. Krossen går att i flagga til alle dei nordiske landa. Fargane i det norske flagget er dei same som i mange flagg frå tida like etter den franske revolusjonen, til dømes det franske og det amerikanske. Hovudstaden i Noreg er Oslo.
(Artikkelen held fram under biletet)

Geografi

Kongeriket Noreg er samansett av hovudlandet, øygruppa Svalbard og øya Jan Mayen. Hovudlandet er det norske fastlandet, med alle øyar, holmar og skjer innanfor grunnlinja, og utgjer 323 779 km2. Svalbard har vore ein del av kongeriket Noreg sidan 1925 og har eit flatemål på 61 022 km2. Jan Mayen har vore ein del av kongeriket sidan 1930. Dei antarktiske områda Bouvetøya, Peter 1.s øy og Dronning Maud Land er såkalla biland. Dei er ikkje del av kongeriket Noreg, men ligg under den norske statsmakta. Dronning Maud Land er på 2 741 000 km2, alt dekt av is.

Dronning Maud Land. Foto: Anne Frohlich/ flickr.com CC BY SA 1.0

Dronning Maud Land. Foto: Anne Frohlich/ flickr.com CC BY SA 1.0
Den norske kontinentalsokkelen dekkjer 2 039 951 km2, medan den økonomiske sonen utgjer 787 640 km2.
Noreg er ei langstrakt og for det meste smal landstripe med kystlinje mot Atlanterhavet. På det smalaste er det 1,6 km, frå Elvenes i Finnmark til riksgrensa mot Russland. Kystlinja, med fjordar og bukter, er 28 953 km lang, medan øyane til saman har ei kystlinje på 71 963 km. Den største øya er Spitsbergen på Svalbard, med 37 673 km2. Den største øya som høyrer til hovudlandet, er Hinnøya i Nordland og Troms, med 2205 km2. Dei tre største innsjøane er Mjøsa, 365 km2, Røssvatnet, 219 km2, og Femunden, 204 km2. Den lengste fjorden er Sognefjorden, som er 204 km lang, og den lengste elva er Glåma, med 601 km. Det høgaste fjellet er Galdhøpiggen, 2469 moh.
Den største byen er Oslo, som med omland har ei folkemengd på 925 000. Kommunen Oslo hadde 630 000 innbyggjarar i 2013. Ved årsskiftet 2013–14 var folketalet i Noreg ca. 5 109 000. Det gir om lag 15 personar per kvadratkilometer. I Danmark er dette talet 129. Noreg er med andre ord eit tynt folkesett land. Gjennomsnittsalderen er stipulert til 39,4 år.

Styresett

«Kongeriget Norge er et frit, uafhængigt og udeleligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig-monarkisk.»
Dette er den norske sjølvstendeerklæringa, vedteken på Eidsvoll 17. mai 1814 som første paragraf i Grunnlova. Men 4. november same året fekk denne erklæringa eit tillegg, diktert av realpolitiske forhold, sidan Noreg gikk inn i ein union med Sverige som følgje av Kieltraktaten i januar 1814 og fredstraktaten i Moss i august same året: «Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige, forenet med Sverige under een Konge. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk.»
(Artikkelen held fram under biletet)
Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND
Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND
Denne paragrafen galdt til 1905, då unionen med Sverige vart oppløyst, og dette framlegget vart vedteke samrøystes av Stortinget 7. juni: «Da Statsraadets samtlige Medlemmer har nedlagt sine Embeder, da Hans Majestæt Kongen har erklæret sig ude af Stand til at skaffe Landet en ny Regjering, og da den konstitutionelle Kongemagt saaledes er traadt ud af Virksomhed, bemyndiger Storthinget Medlemmerne af det idag aftraadte Statsraad til indtil videre som den norske Regjering at udøve den Kongen tillagte Myndighed i Overensstemmelse med Norges Riges Grundlov og gjældende Love – med de Ændringer, som nødvendiggjøres derved, at Foreningen med Sverige under én Konge er opløst som Følge af, at Kongen har ophørt at fungere som norsk Konge.»
Sjå video frå NRK Skole: Kong Haakon og kronprins Olav kjem til Stortinget 1951:
Etter dette har Noreg vore ein sjølvstendig stat, både formelt og reelt, med unntak for åra 1940 til 1945, då landet var hærteke av Tyskland og dei lovlege styresmaktene var i eksil i London.
Men kor sjølvstendig var Noreg innanfor unionen med Sverige? Norsk politisk historie gjennom 1800-talet handlar i vesentleg grad om dette. Landet hadde ei grunnlov som regulerte tilhøvet mellom statsmaktene: det folkevalde Stortinget og den utøvande makta, som var delt mellom kongen, som var svensk, og ei regjering som var norsk, med tilhald dels i Kristiania og dels i Stockholm. Noreg hadde eit norsk rettssystem, med Høgsterett på toppen, til å tolke kor grensene for dei andre maktene gjekk.
I dette politiske systemet hadde kongen lenge rett til å bestemme utanrikspolitikken, medan innanrikspolitikken, som vart viktigare etter kvart utover hundreåret, var styrt av norske menn i regjering og storting, men med rett for unionskongen til å leggje ned veto mot vedtak han ikkje var samd i. Han kunne likevel ikkje stoppe framlegga meir enn to gonger. Eit tredje vedtak vart i alle fall lov. Slik viser Grunnlova at folkesuvereniteten er det berande prinsippet i det norske styringssystemet. Etter 1884 kunne ikkje unionskongen lenger fritt utnemne sitt «Raad», frå no av måtte regjeringa ha fleirtal i Stortinget. Dessutan miste kongen den absolutte vetoretten i grunnlovssaker, som han, urettvist, meinte han hadde. Fram mot 1905 vart balansepunktet i den unionspolitiske vektskåla flytta meir og meir mot Noreg. Då 7. juni-erklæringa vart vedteken, var det eigenleg ei formalisering av eit realpolitisk faktum som hadde utvikla seg over tid, og det vart godteke utan sterk motstand både i Sverige og utlandet. Frå no styrte norske menn (og etter kvart kvinner) landet utan annan innverknad frå det internasjonale samfunnet enn det alle suverene statar må ta omsyn til.
Grunnlova var skriven på dansk, som var vanleg norsk skriftspråk til etter frigjeringa frå Danmark, men i 2014, i samband med feiringa av 200-årsjubileet for lova, vart det vedteke at ho skal vere på moderne bokmål og nynorsk.
(Artikkelen held fram under biletet)
Stortingspresidenten saman med regjeringa Solberg i Eidsvollsgalleriet, i samband med opning av Stortinget 2. oktober 2014. Foto: Sverre Chr. Jarild/ Stortinget
Stortingspresidenten saman med regjeringa Solberg i Eidsvollsgalleriet, i samband med opning av Stortinget 2. oktober 2014. Foto: Sverre Chr. Jarild/ Stortinget
Noreg er eit parlamentarisk demokrati og eit konstitusjonelt monarki. Den folkevalde forsamlinga, Stortinget, har 169 representantar, som vert valde kvart fjerde år av alle norske statsborgarar over 18 år som ikkje er fråtekne røysteretten fordi dei er tilsette i visse delar av embetsverket. Regjeringa må ha støtte av eit fleirtal i Stortinget og har plikt til å gå av dersom eit mistillitsframlegg vert vedteke.
Regjeringsmedlemene styrer til vanleg kvar sitt departement, men i nokre regjeringar er det òg statsrådar utan portefølje. I regjeringa Solberg er europaministeren, statsråd Vidar Helgesen, i ein slik posisjon. Regjeringa har medlemer frå Høgre og Framstegspartiet. Erna Solberg frå Høgre er statsminister. Monarken heiter Harald 5. Stillinga som monark går i arv til det eldste barnet til monarken.
Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Morten Brun/Det kongelige hoff
Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Morten Brun/Det kongelige hoff

Den første kongen i det sjølvstendige Noreg etter 1905 var kong Haakon 7. Han var dansk prins og var gift med ei engelsk prinsesse, Maud, dotter av kong Edward 7. i England.Dette siste var viktig i argumentasjonen fordi det knytte den nye sjølvstendige staten Noreg til den leiande stormakta i Europa, Storbritannia. Haakon vart etterfølgd av sonen, kong Olav 5., i 1957. Begge desse monarkane tilpassa det konstitusjonelle monarkiet til moderne demokratiske krav. Den personelge kongemakta vart på det nærmaste avskaffa i deira tid. Kong Harald 5. (frå 1991) har følgt denne tradisjonen lojalt vidare. Republikanarane har vore i mindretal i opinionen sidan 1905, og det er lite debatt om dei prinsipielle sidene ved monarkiet som styreform i ein sekulær og moderne stat. Dei debattane vi har frå tid til anna, endar oftast med at alle seier seg nøgde med den måten kongefamilien løyser oppgåvene sine på.
Noreg er ein einskapsstat, styrt i samsvar med Grunnlova og andre statsrettslege reglar, men samefolket har eit eige folkevalt styringsorgan, Sametinget, og har eit avgrensa sjølvstyre over tradisjonelle samiske område, regulert av Finnmarkslova.
Dei siste åra har meir enn halvparten av folketilveksten kome frå innvandring. Innvandringa har auka monaleg dei siste åra. I 2007 var det 61 000 innvandrarar, og no ligg talet på 78 000. Utvandringa aukar òg, men ikkje like mykje. Innvandring og fødselsoverskot gir ein årleg auke i folketalet på 1,3 prosent. I 1970-åra var auken på under 0,5 prosent, i 1984 var han 0,28 prosent. Landet har likevel ikkje hatt nemneverdig store sosiale problem, dersom vi ser bort frå bustadproblema som tilflyttinga til byar og tettstader fører med seg. Andre og tredje generasjons etterkomarar av innvandrarar gjer seg etter kvart gjeldande i næringsliv, politikk, vitskap og kultur.

Forvaltningsnivå

Det er tre forvaltningsnivå i Noreg. Kommunane er den minste eininga. Dei er styrte av eit folkevalt organ, kommunestyret, og eit formannskap som er sett saman i høve til partisamansetjinga i kommunestyret. Ordføraren er den fremste representanten i kommunen, vald av kommunestyret. Nokre kommunar vel ordførar ved direkte val. Hovudstaden Oslo er både kommune og fylke, men har fylkesmann saman med Akershus fylke.
Kommunane har hand om store delar av dei praktiske sidene ved velferdsstaten og har dei siste tiåra fått store ressursar frå staten til å tryggje velferdstilbodet til innbyggjarane. Det er politisk strid om kommunar bør slåast saman til større einingar for å styrkje dei faglege organa i kommunane.
Over den lokale og fylkesvise forvaltninga står den sentrale forvaltninga i departement, direktorat og andre organ. Kommunal- og fornyingsdepartementet har det direkte forvaltningsansvaret for kommuneøkonomien og dei mange oppgåvene kommunane har etter plan- og bygningslova. Andre departement har òg tilsyn med kommunane.
Noreg er delt inn i 19 fylke og 428 kommunar. Talet på kommunar er redusert sidan 1960-åra, då kommunikasjonstilhøva hadde endra seg og kommunane fekk større oppgåver innanfor velferdsstaten.
(Artikkelen held fram under biletet)
Det kommunale sjølvstyret er ikkje nemnt i Grunnlova frå 1814, men vart først stadfesta gjennom formannskapslovene i 1837. Då var landet delt inn i 392 prestegjeld. På byrjinga av 1900-talet vart desse prestegjelda delte opp i mindre einingar, som fekk nemningane herad, ladestad eller by. I 1957 var det 680 herad, 64 bykommunar og nokre ladestader.
Etter andre verdskrigen ville styresmaktene redusere talet på kommunar og sette i 1946 ned ein komité under leiing av fylkesmann Nicolai Schei. Utvalet la fram tre store utgreiingar, som Stortinget behandla fram til 1966. Då var det alt gjennomført nokre samanslåingar, og frå 1966 var talet på kommunar redusert frå totalt 747 til 454. Seinare er fleire kommunar slått saman, men nokre samanslåingar er òg oppløyste.
I dei siste åra har det vore mykje diskusjon om storleiken på kommunane. Regjeringa Solberg har som program å redusere talet på kommunar endå meir og kan rekne med stor oppslutnad i Stortinget om ein slik politikk. Motstanden finn ein først og fremst i Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Eit ekspertutval vart oppnemnt like etter regjeringsskiftet i 2013 og la fram ei førebels innstilling vinteren 2014, der dei meinte at ein effektiv og god kommune måtte ha mellom 15 000 og 20 000 innbyggjarar. Det ville redusere talet på kommunar til 100. Regjeringa har så langt ikkje teke stilling til desse tala, men har oppmoda kommunane om å vurdere om det er mogleg eller ønskjeleg å slå seg saman med nabokommunar. Denne linja tek sikte på frivillig samanslåing, kombinert med økonomiske ordningar frå staten si side for å gjere samanslåingane meir tillokkande. Regjeringa har som mål at kommunane skal klargjere sitt syn innan 2016, slik at samanslåingar kan setjast i verk i 2018. I mange kommunar er det stor motstand mot samanslåingsplanane, men regjeringa arbeider for størst mogleg politisk oppslutnad om politikken.
Svalbard og Jan Mayen vert kalla syssel, men det er berre Svalbard som har ein sysselmann buande på territoriet, med same oppgåver som ein fylkesmann, men med politimynde i tillegg. Svalbard har eit folkevalt sjølvstyre som tek seg av lokale tilhøve, om lag slik kommunestyra gjer i kommunane.
(Artikkelen held fram under biletet)
Longyearbyen/Svalbard. Foto: Mari Tefre/Global Crop Diversity Trust CC BY SA 3.0
Longyearbyen/Svalbard. Foto: Mari Tefre/Global Crop Diversity Trust CC BY SA 3.0
Fylka har ein dobbel funksjon i styringsverket. Dei er større lokaleiningar med folkevald styring over vidaregåande skular, fylkesvegar og nokre andre område. Fylkeskommunen har eit folkevalt organ, fylkestinget, og ei «fylkesregjering», fylkesrådet. Sidan 1993 har fylka kunna velje parlamentarisk styre. Fire fylke har dette systemet. Elles vert fylka styrte etter eit formannskapssystem, slik som kommunane (dei kan òg velje parlamentarisk styre). Fylka har fått færre oppgåver i den seinare tid, særleg etter at sjukehusa vart omorganiserte til føretak og lagde under statleg styring.
Fylkesmannen er staten sin representant i fylka og fører kontroll med at statlege vedtak vert gjennomførte, og at kommunane følgjer lover og reglar og ikkje bruker meir pengar enn forsvarleg. Stortinget rår over fleire instansar som skal sjå til at forvaltninga ikkje gjer urett mot borgarane, og at forvaltninga følgjer dei vedtaka Stortinget gjer. Blant dei viktigaste av desse instansane er Sivilombodsmannen og Riksrevisjonen. Eit eige utval, EOS-utvalet, er sett til å kontrollere dei hemmelege tenestene etter oppryddinga i desse tenestene sist i 1990-åra. Det er òg oppretta ulike ombod som borgarane kan vende seg til dersom dei kjenner seg krenkte på eit eller anna vis av forvaltninga eller institusjonar i det sivile samfunnet: Likestillingsombodet, Forbrukarombodet, Datatilsynet o. l. Alle desse institusjonane skal òg bidra til å kvalitetssikre arbeidet i forvaltninga.
Noreg har eit representativt styringssystem. Men det hender at politiske omsyn gjer at det er ønskjeleg å høyre folket si meining i ei sak. Det har vore nokre få slike folkerøystingar for heile landet, medan mange lokale avgjerder vert tekne etter folkerøystingar. Det gjeld mellom anna spørsmål om kommunesamanslåingar, målform i skulen og kyrkja og sal av alkoholhaldige drikkevarer. Grunnlova har ingen paragrafar om folkerøystingar, og dei folkerøystingane som vert haldne i kommunar eller skulekrinsar, har grunnlag i ulike lover. Dei første nasjonale folkerøystingane vart haldne i samband med unionsoppløysinga i 1905. I 1919 og i 1926 vart det halde folkerøystingar om forbod mot brennevinssal. I nyare tid har det vore folkerøystingar om EU, 24. og 25. september 1972 og 24. og 25. november 1994. Dei nasjonale folkerøystingane er ikkje bindande for Stortinget, men politisk er det vanskeleg for styresmaktene å sjå bort frå resultatet av røystingane.
Sjå video frå NRK Skole, etter at Noreg sa nei til EU i 1994:

Rettssystemet

Noreg har eit tredelt rettssystem: politiet, påtalemakta og domstolane. Det er no 27 politidistrikt, kvart av dei leidd av ein politimeister. Det ligg no føre eit framlegg frå Politidirektøren om å redusere dette talet til ti, men det er ikkje behandla politisk enno. Lensmennene er ein del av politietaten. Kripos er ei spesialeining i politiet og skal etterforske spesielt alvorleg og organisert kriminalitet. Politiets tryggingsteneste, PST, som ligg direkte under Justisdepartementet, skal hindre spionasje, terror, masseøydeleggingsvåpen og trugsmål mot personar i offentleg teneste. Dei som vaktar medlemer av kongehuset og dei fremste politikarane våre, er knytte til PST.
Påtalemakta er leidd av Riksadvokaten, med ti statsadvokatregionar utover i landet, under leiing av ein førstestatsadvokat. Økokrim er eit særskilt organ som skal etterforske og påtale økonomisk kriminalitet. Etaten ligg både under Politidirektøren og Riksadvokaten. Sivile saker for domstolane der staten er part, vert tekne hand om av Regjeringsadvokaten.
Domstolane har tre instansar: tingrett, lagmannsrett og Høgsterett. I tingretten og lagmannsretten er det lekfolk med, i lagmannsretten jamvel jury i saker som kan gi over seks års fengsel. Jurysystemet var ei av opposisjonen sine hovudsaker i 1884 og vart innført av regjeringa Sverdrup i 1887. Det vart sett på som ei viktig demokratisk åtgjerd. Jurysystemet er stadig under debatt, men står sterkt i folket.
Noreg har òg nokre spesialdomstolar: Trygderetten, Arbeidsretten, jordskifterettane og riksrett.
Det norske lovverket har tradisjonar attende til mellomalderen, til Gulatingslova og Frostatingslova. Desse lovene vart samla av Magnus Lagabøte i siste halvdel av 1200-talet. Under dansketida fekk landet ny lovgiving under Kristian 5., då hans Norske Lov vart vedteken i 1687. Grunnlova av 1814 slår fast at landet skulle få ny straffelov, men denne lova kom ikkje før i 1902. I 2005 vedtok Stortinget ei ny straffelov.
Noreg har eit liberalt og humant rettssystem, med milde straffer samanlikna med tidlegare tider og samanlikna med land utanfor Vest-Europa. Grunntanken er at forbrytarar skal rehabiliterast, slik at dei kan kome tilbake til samfunnet etter soninga. Den strengaste straffa er til vanleg 21 års fengsel, men med avkorting dersom den innsette viser god framferd. For spesielle saker, mellom anna terror, kan folk dømmast til 30 års fengsel. Forbrytarar som har gjort seg skuldige i særleg farleg kriminalitet, kan dømmast til forvaring, som i prinsippet kan vare livet ut. Grunngivinga for det er at samfunnet må vernast. Terroristen Anders Behring Breivik vart dømd til slik straff. Alvorleg psykisk sjuke forbrytarar kan dømmast til tvunge psykisk helsevern. Langvarig isolasjon, som elles strir mot menneskerettane, vert òg brukt når forbrytarar vert sette i varetekt medan etterforskinga går føre seg og før dei blir dømde. Noreg vert ofte kritisert i internasjonale fora for varetektspraksisen sin. I eit internasjonalt perspektiv elles er kriminaliteten i Noreg liten og har gått ned dei seinare åra. I 2003 var talet på melde lovbrot 420 762, og i 2012 var talet 393 674. Av desse var 180 000 vinningsbrotsverk. Det var meldt 104 forsøk på valdtekt (mot 107 i 2003). I 2011 sat 3727 personar i fengsel eller varetekt.
Bombeåtaket mot regjeringskvartalet og nedskytinga av unge leirdeltakarar på Utøya i Tyrifjorden 22. juli 2011 sette i gang ein debatt om politi, rettsvern og straff for kriminalitet som har preg av terror. Mange tok til orde for strengare straffer enn dei vi allereie har, som er 30 år for terrorisme. Ein kommisjon, under leiing av advokat Alexandra Bech Gjørv, konkluderte med at politiet si operative slagkraft måtte styrkjast. Væpning av politiet var òg eit tema, men norsk politi er framleis uvæpna i dagleg teneste.

(Artikkelen held fram under biletet)
Tusenvis av menneske over heile landet gjekk i rosetog, som ein protest mot terrorhandlingane 22.juli 2011. Her frå markeringa på Youngstorget i Oslo, der om lag 40 000 menneske var samla. Foto: Sjur Stølen/Aktiv I Oslo CC BY SA 3.0
Tusenvis av menneske over heile landet gjekk i rosetog, som ein protest mot terrorhandlingane 22.juli 2011. Her frå markeringa på Youngstorget i Oslo, der om lag 40 000 menneske var samla. Foto: Sjur Stølen/Aktiv I Oslo CC BY SA 3.0
Som medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS, er Noreg omfatta av lovgivinga i EU. Det inneber at norske borgarar er bundne av tusenvis av lover og reguleringar som EU har vedteke, og som er godkjende av Stortinget. Rettsavgjerder innanfor dette lovverket vert tekne av EU-domstolen. Noreg er òg bunde av Den europeiske menneskerettskonvensjonen, EMK, og domstolen som behandlar brot på konvensjonen, Den europeiske menneskerettsdomstolen, EMD.
Desse tilhøva har skapt grunnlag for ein omfattande politisk debatt om jussen og rettssystemet sin plass i det norske demokratiet. Den siste maktutgreiinga, som la fram konklusjonen sin i 2003, drøfta mellom anna det som vert kalla «rettsleggjering», som ei demokratiske utfordring. Ei utgreiing under leiing av professor Fredrik Sejersted om Noregs tilhøve til EU gjennom EØS-avtalen, som vart lagd fram i januar 2012, sette òg slike problemstillingar på dagsorden.

Samferdsel

Frå gamalt var sjøen det viktigaste sambandet mellom dei ulike landsdelane og bygdene der folk budde. Men det fanst òg stiar over fjell og gjennom dalar, der folk og dyr kunne ferdast. Allereie i mellomalderen sytte kongemakta for at det vart bygd enkle hytter, slik at folk kunne finne ly på vegen. Den første køyrevegen for hjultransport vart bygd i åra 1625–30, mellom Kongsberg og Hokksund i Buskerud.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Jakten på Norge: Vi knyttes sammen», NRK Skole
Systematisk vegbygging høyrer helst 1800-talet til. Frå midt i hundreåret vart det sett i verk store byggjeanlegg i statleg regi. Dei fremste politikarane bak denne utviklinga var Frederik Stang, som var statsråd i Indredepartementet og seinare vart den første norske statsministeren (i 1873), og Anton Martin Schweigaard, som var professor i økonomi og stortingsrepresentant. Etter kvart vart det bygd vegar, jernbaner og hamner, og dessutan fyr, lykter og andre sjømerke for skipsfarten, slik at varer og personar lett kunne ferdast frå nord til sør og omvendt, og frå aust til vest og omvendt.
Den første jernbana kom i 1854, mellom Kristiania og Eidsvoll, og vart kalla Hovedbanen. I 1893 opna Vesteraalens Damskibsselskab ei skipsrute frå Trondheim til Hammerfest. Denne ruta vart seinare kjend som Hurtigruta og vart etter kvart utvida sørover til Bergen og nordover til Kirkenes. Hurtigruta har, som det meste av kollektivtrafikken i Noreg, vore statsstøtta frå starten. Til flytrafikken voks seg stor framover mot slutten av det 20. hundreåret, utgjorde Hurtigruta den viktigaste samferdselsåra mellom nord og sør i landet. Båt- og ferjetrafikken er framleis svært viktig for samfunna på Vestlandet og i Nord-Noreg.
Fjordar og fjell har gjort vegbygging vanskeleg og kostbar i Noreg. Men ny teknologi og byggjeteknikk har gjort det mogleg å byggje både tunnelar og bruer, slik at ein lettare kan krysse fjordar og fjell, og eit av dei store samferdselsprosjekta i åra som kjem, gjeld Europaveg 39, stamvegen frå Kristiansand til Trondheim, via Stavanger, Bergen og byane på Nordvestlandet. Vegen, som også vert kalla Kyststamvegen, skal verte ferjefri innan 2030.
I løpet av 1960-åra kom det for alvor fart i utbygginga av flyplassar landet rundt. Flyrutene til dei såkalla småflyplassane knytte alle delar av landet saman på ein ny måte. Jamvel tettstadene i Finnmark og Troms låg no berre to–tre timars flytid frå hovudstaden, og byar som Haugesund, Førde, Ålesund, Molde og Kristiansund ligg berre ein times flytur frå Austlandet. Dette har vore viktig både for persontrafikken og for frakt av varer. Og etter at flyselskapa sette opp direkteruter til byar i Europa og til dei store feriestadene i Sør-Europa og Asia, er det ikkje lenger nødvendig for folk som bur utanfor dei mest folketette områda å ta vegen om hovudstaden for å kome seg til så å seie heile verda.

Næringsliv

I første halvdel av 1800-talet var Noreg eit jordbruksland, med viktige tilskot frå tømmer, fiske og enkel jernindustri. Mot midten av hundreåret bygde staten ut ein moderne infrastruktur, som vart grunnlag for ein industriell revolusjon i siste halvdel av 1800-talet. I lange periodar låg Noreg økonomisk framfor unionsbroren Sverige. Då unionen med Sverige vart oppløyst i 1905, starta ei ny moderniseringstid, med utbygging av vassdrag til elektrisitet, som igjen kunne brukast i kjemisk og metallurgisk industri. Det meste av denne industriproduksjonen gjekk til eksport.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Vann og næringsliv i Norge», NRK Skole
Utover i mellomkrigstida fekk landet òg ein meir teknologisk basert industri for heimemarknaden. Det vart produsert komfyrar og andre elektrisk drivne innretningar for hus og heim, men òg for mindre verksemder. Norges tekniske høgskole, NTH, i Trondheim vart opna i 1911, og i 1916 kom Statens teknologiske institutt i Oslo, som saman med andre tekniske skular og yrkesskular vart eit bindeledd mellom forsking og industri, særleg mindre industriverksemder. Dei utdanna òg leiarar for industrien. Etter verdskrigen vart dette følgt opp, med ny industrireising, lenge i statleg regi.
Landet har òg ein stor handelsflåte, med tradisjonar attende til dansketida. Norske sjøfolk vart rekna som svært dugande, og dei maritime skulane sikra kompetansen deira. Dei gjorde til dømes ein stor innsats både for Noreg og for dei allierte under verdskrigane. Sjøfolka er no stort sett frå andre land, dersom vi ser bort frå offshore- og kystflåten. Men offiserane er gjerne norske. Både kystfiske og trålfiske til havs er saman med skipsfartstenester for oljeindustrien framleis svært viktig for det økonomiske livet langs kysten. Det same gjeld verftsindustrien, som har utvikla kompetanse på spesialskip både til fiske og til offshore-fart.
I dag er Noreg ein moderne industristat og ein servicestat. Dei største verksemdene er Statoil, Norsk Hydro, Telenor, Orkla og Den norske bank, DNB. Men dei fleste arbeidstakarane er knytte til mindre verksemder. Olje og gass har gitt Noreg ein sterk økonomi dei siste par tiåra, og den relativt jamne fordelinga av inntektene har gjort nordmenn velståande. Ikkje minst har det statlege oljefondet, Statens pensjonsfond utland, gjort at Noreg kom igjennom den djupe økonomiske krisa etter 2008 utan store sosiale problem. Pensjonsfondet er på godt over fem tusen milliardar kroner (2014). Gjennom avgrensa uttak frå avkastninga av fondet har styresmaktene halde oppe den økonomiske aktiviteten i samfunnet. Velstanden auka jamvel under finanskrisa, ikkje minst fordi oljeprisen og prisen på andre norske eksportprodukt, mellom anna laks, har vore jamt høg, medan importvarene, særleg frå Kina, har vore billige. Slik har privatøkonomien vorte betre, samtidig som det offentlege velferdsnivået har stige.
Den økonomiske aktiviteten dei seinare åra har ført til ein stor innanlands flyttestraum, frå periferien til sentrum. Dei store byane veks, medan landsbygda vert avfolka. Denne tendensen er likevel ikkje ny, det har vore ein slik flyttestraum gjennom heile etterkrigstida, trass i politiske tiltak som skal motverke flyttinga. Mykje av produksjonen i landet kjem framleis frå tettstader i landdistrikta, særleg på Vestlandet, men òg i Nord-Noreg. Folkeflyttinga har ført til at det vert snakka eit mangfald av dialektar i dei store byane. Dette har bygd ned dei kulturelle og sosiale ulikskapane mellom aust og vest, nord og sør. Slik er landet meir samla enn nokon gong i historia.

Demografi

Noreg er eit mellomstort land i flatemål, eit lite land i folkemengd og rangert som nummer 116 av landa i verda, rekna etter folketalet. Innbyggjartalet er no vel 5,1 millionar. Talet veks fordi folk er friskare og lever lenger enn før. I 2012 vart 60 225 born fødde, medan det døydde 41 992 personar. Men vi har òg ei netto tilflytting frå andre land. I 2012 kom 78 000 til landet utanfrå, medan 31 000 reiste ut. I 1814 var innbyggjartalet ca. 900 000, medan det i høgmellomalderen, rundt 1250, var mellom 300 000 og 450 000. I 1946 var det 3 millionar innbyggjarar, og i 1980 passerte talet 4 millionar.

Sidan byrjinga av 1900-talet har folkesetnaden endra seg ganske mykje. Byane har vakse sterkt. Alderssamansetjinga har òg endra seg. Talet på born under 6 år er 7,4 prosent, mot 14 prosent for hundre år sidan. I den andre enden av aldersskalaen utgjer dei over 66 år meir enn 13 prosent, mot 6,5 prosent for hundre år sidan. Prosentdelen av eldre aukar fort, og framskrivingar reknar med at dei over 65 år vil utgjere 18,1 prosent av folkemengda i 2020 og 23,7 prosent i 2050. Den gjennomsnittlege levealderen er 79,1 år. Island har den høgast levealderen av alle land i Norden, med 80,7 år. I Sverige er levealderen 79,9 år. Den høgare levealderen har ført til eit nytt politisk omgrep, «eldrebølgja». Denne «bølgja» er utan tvil uttrykk for noko positivt, men fører òg med seg utfordringar når det gjeld offentleg helsestell og omsorg.
I tida etter andre verdskrigen hadde norske kvinner framleis ein relativt høg fødselsrate, meir enn to born. Men etter kvart som kvinnene vart eldre før det første barnet vart fødd, vart òg det gjennomsnittlege fødselstalet per kvinne lågare. Mellom 1975 og 2014 låg fødselstalet mellom 1,6 og 2,0. I 2009 låg det på 1,98, som var blant dei høgaste i Europa. Etter 2009 har talet gått noko ned, til 1,78 i 2013.
Den etniske profilen på dei som bur i landet, har endra seg dramatisk sidan 1960-åra. Noreg har, som dei fleste industrialiserte land i Europa og Amerika, vorte ein etnisk smeltedigel. Dei første innvandrarane vart kalla framandarbeidarar. Dei kom frå Tyrkia og slo seg ned mellom anna i Drammen, der bydelen Fjell var sterkt prega av desse nye landsmennene. Frå 1970-åra har det kome folk frå Pakistan, som i stor grad pregar delar av Oslo aust. Flyktningar har seinare kome frå Vietnam, Sri Lanka, dei arabiske landa og Afrika, særleg Somalia. Desse innvandrarane skil seg ut både med hudfargen og uttrykk for religiøs tilhøyrsel.
I dei seinare åra har det òg kome mange nye EU-borgarar til landet. Dei største gruppene har kome frå Polen (ca. 85 000), Sverige (ca. 44 000), Litauen (ca. 36 000), Tyskland (ca. 25 000) og Danmark (ca. 23 000). I 2012 var talet på innvandrarar 545 732. I tillegg kjem 108 438 som er norskfødde med innvandrarforeldre.
Historisk har folket budd spreidd utover heile landet. Industrialiseringa starta for alvor i siste halvdel av 1800-talet, og den store flyttinga mot byane og tettstadene starta då. No bur nær 80 prosent i tettstader eller byar. 3,4 millionar innbyggjarar er mellom 16 og 66 år, og i 2013 budde det 20 000 fleire kvinner enn menn i landet.
Stort folkeoverskot gjorde at mange nordmenn har emigrert til USA, Canada, Australia og New Zealand. Frå dei første drog ut i 1825 og til etter første verdskrigen emigrerte om lag 900 000 nordmenn. I denne perioden hadde Noreg eit gjennomsnittleg folketal på to millionar. I høve til folketalet er den norske utvandringa større enn frå dei fleste andre land. I grunnlovsåret 1814 budde 90 prosent av alle innbyggjarane på landsbygda.

Handel og samkvem med andre land

Noreg har til alle tider hatt mykje samkvem og omfattande handel med andre land. Klimaet har gjort at det så å seie alltid var nødvendig å importere matvarer, og dei store krisene i landet er knytte til uår, krig og blokadar av sjøfarten, til dømes under napoleonskrigane først på 1800-talet. Under oppbygginga av landet etter andre verdskrigen var det skipsfarten som sikra landet valutainntekter til å betale importen både av matvarer og kapitalvarer. Store delar av hendelsflåten vart øydelagd under krigen, men vart raskt bygd opp att.
I dag er Noreg eit netto eksportland. Eksportoverskotet har auka jamt sidan 1970, då den første oljen vart funnen i Nordsjøen. I 2012 utgjorde importen 799 milliardar kroner og eksporten 1145 milliardar. Olje og gass er dei viktigaste eksportprodukta og utgjer 604 milliardar kroner, medan maskiner og transport utgjer 158 milliardar. Industrieksporten er på 272 milliardar kroner, og tenester (utanriks sjøfart og finanstenester) er på 259 milliardar. Dei viktigaste importvarene er verkstadprodukt, med 158 milliardar kroner, og ulike matprodukt, med nær 50 milliardar kroner. Dei viktigaste handelspartnarane for import er Sverige, Tyskland og Kina, medan dei største landa vi eksporterer til, er Storbritannia, Nederland og Tyskland.
Noreg løyver årleg om lag 30 milliardar kroner i bistand til utviklingsland og er blant dei landa som gir mest i høve til folketalet. Det har vore politisk fleirtal for at løyvingane skulle vere éin prosent av bruttonasjonalinntekta, noko som er godt over FNs mål om 0,7 prosent. Den norske innsatsen for utviklingslanda må forklarast med den norske misjonstradisjonen, men fell òg saman med ønsket om at Noreg skal vere ein fredsnasjon, det som ofte vert kalla «det norske godhetsregimet». Bistanden er no konsentrert om afrikanske land og er i aukande grad kopla opp mot vanleg handel.
Noreg har òg mange studentar i andre land. Hausten 2012 var det 15 500 norske studentar i utlandet, fordelt på Storbritannia med 4500, Danmark med 2700 og USA med 1550. Resten er spreidde på ei lang rekkje land, frå Europa til Australia. Helse-, sosial- og idrettsfag toppar lista over studiar, og etter dei kjem økonomi, samfunnsfag og juss. Fordelinga er omtrent den same for norske studentar i Noreg. Naturfag og ingeniørfag kjem etter dei mest populære.
Jamvel om Noreg har mykje kontakt utanfor landegrensene, både som følgje av handel, turisme, skulegang og studiar, har det norske folket ofte vore skeptisk til organisert samband med utlandet. Som eit lite land i verda har likevel Noreg hatt stor interesse av å bidra til at FN er ein sterkast mogleg aktør i verdspolitikken. Ingen norsk utanriksminister omtaler Noregs plass i verda utan å nemne FN først. Etter 1945 hadde Noreg von om å spele ei rolle som brubyggjar mellom aust og vest og meinte at FN kunne brukast til det. Noreg hadde den første generalsekretæren i FN, Trygve Lie. Då brubygginga mislukkast, gjekk Noreg med i den atlantiske forsvarsfellesskapen, NATO. Noreg har såleis vore eit trufast NATO-medlem sidan 1949, og frå hausten 2014 er generalsekretæren i alliansen norsk – Jens Stoltenberg. Men den norske staten er òg engasjert i ei rekkje andre internasjonale organ, særleg slike som skal fremje menneskerettar og styrkje folk i utviklingslanda. Den norske politikaren Thorbjørn Jagland er generalsekretær i Europarådet og ein sterk forsvarar av menneskerettane.
Alle desse organisasjonane er styrte slik at Noreg og andre medlemsland kan reservere seg mot deltaking. Dei er ikkje overnasjonale i vanleg tyding av ordet. Det er derimot EU, Den europeiske unionen. Framlegg om norsk medlemskap i EU fall i folkerøystingane i 1972 og 1994, og EU-medlemskap er ikkje politiske aktuelt i rimeleg nær framtid. Noregs tilhøve til EU er fastsett gjennom medlemskapet i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS, som gir landet tollfri tilgang til EU-marknaden for dei fleste produkt. Unntaket er landbruksvarer, som har eit sterkt vern gjennom statlege ordningar. Men gjennom medlemskapen i EØS vert mange lover og reguleringar i EU norsk lov meir eller mindre automatisk, utan at norske politiske organ kan påverke avgjerdene. Dette er eit politiske paradoks: Noreg har sagt nei til EU fordi unionen er overnasjonal og har det ein kallar «eit demokratiske underskot». Men vi er med i EØS og må godta EU-lover utan å kunne påverke dei, fordi det krev fullt medlemskap.

Turisme

Turisme i Noreg i moderne tyding tok til på 1800-talet. Då kom rike folk frå Europa, særleg England, for å oppleve rein luft, norsk kvardagsliv og norske fjell og fjordar. Dei ville òg fiske laks i norske elvar. Norsk innanlands turisme starta i 1850-åra, då byfolk begynte å ta seg ut i fjellheimen.

 Cruisebåt på veg til Flåm i Sogn og Fjordane, eit populært turistmål. Foto: bvi4092, Flickr.com CC BY 2.0.

Cruisebåt på veg til Flåm i Sogn og Fjordane, eit populært turistmål. Foto: bvi4092, Flickr.com CC BY 2.0.

Masseturismen skaut fart frå midten av 1900-talet, då nordmenn tok til å reise på ferie til utlandet. I 1946 reiste 47 000 charterturistar ut av Noreg, i 2009 var talet éin million. Det heng saman med velstandsauken, meir fritid og stadig lågare prisar på reiser, særleg flyreiser. Men charterturismen utgjer ein mindre del av det totale talet på reiser enn slik det var for nokre år sidan. Frå 2009 til 2010 auka elles utanlandsreisene med 8,1 prosent, til ca. 14 millionar reiser. Det er typisk at reisene varer lenger. Det er fleire norske kvinner enn norske menn som reiser, og det er gruppene 25–44 år og 45–64 år som reiser mest. Men reisene deira inkluderer arbeidsreiser, medan reisene til dei unge og dei eldre for det meste er reine feriereiser.
Sverige er det landet nordmenn reiser oftast til, med Danmark og Spania på dei neste plassane. Reiser til fjerne stader vert meir og meir vanleg. I 2008 brukte turistar i Noreg – norske og utanlandske – til saman 108 milliardar kroner. Halvparten av dei reisande var norske, ein tredel var utanlandske og 20 prosent var forretningsreiser. Reiselivsnæringa sitt bruttoprodukt i 2007 var 75 731 millionar kroner. Om lag fem prosent av alle som er i arbeid, 165 000 personar, var sysselsette i reiselivsnæringa. Hotell, luftfart, annan transport og underhaldning og kultur er dei områda som er størst innanfor reiselivsnæringa.

Skule og høgare utdanning

Noreg har tradisjon for å vere eit av dei mest egalitære landa i verda i økonomisk og kulturell samanheng. Landet har omfattande velferdsordningar, gratis skule heilt til og med universitet og høgskular og er på alle måtar eit velferdssamfunn, med stor grad av tillit mellom samfunnslag og landsdelar. Dette er hovudtrekka ved det som blir kalla «den nordiske modellen». Den norske versjonen av modellen inneber mellom anna at dei omfattande avtalane mellom arbeidstakarar og arbeidgivarar vert utforma i nært samarbeid med dei politiske styresmaktene, noko som i det store og heile har skapt stabil økonomisk vekst og høg sysselsetjing. Grunnlaget for dette samarbeidet er Hovudavtalen mellom LO og arbeidsgivarorganisasjonen NAF (som no heiter NHO) frå 1935. Det har òg hjelpt Noreg gjennom dei internasjonale økonomiske krisene utan store sosiale påkjenningar. Med jamne mellomrom vert Noreg rangert av FN som «det beste landet i verda å bu i». Noreg ligg òg øvst på EUs demokratiindeks.

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende på besøk hos Brannfjell skole i 2014. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende på besøk hos Brannfjell skole i 2014. Foto: Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Bygginga av eit offentleg skule- og helsestell var blant dei store tiltaka for å byggje den norske nasjonen på 1800- og 1900-talet. Skulen kom først, med nye skulelover så å seie kvart tiår frå 1860. Ei av dei store skulereformene kom i 1889, då det vart innført folkeskule både på landet og i byane. Skulen hadde vore delt inn i allmugeskule for born frå fattige heimar og private skular for dei som kom frå meir velståande heimar. No skulle alle gå i den same skulen.
Skulen vart styrt av skulestyret i kvar kommune, som vedtok skuleplanar, undervisingsplanar og timefordeling. Skulelovene fastsette ei minimums undervisningstid, og det var skilnad frå kommune til kommune. Landsfolkeskulen hadde kortare skuleår enn byfolkeskulen. På landet gjekk borna annankvar dag. I nokre bygder går ein framleis fire dagar i veka, men sidan tidleg i 1970-åra har fem dagars veke vore det vanlege. På 1. til 7. trinn skal elevane ha 4930 årstimar, som gir eit gjennomsnitt på 25 timar i veka. I ungdomsskulen er veketimetalet 30.
Sist i 1950-åra kom nye skulereformer, og frå 1959 fekk kommunane høve til å innføre niårig skule for alle. Frå 1969 har det vore obligatorisk niårig skule over heile landet. Dermed vart skilnaden mellom byskulen og landsskulen fjerna. Den niårige skulen gjorde at framhaldskulen, som fekk si lov i 1946, forsvann. Det var ein eitt- eller toårig skule, med særleg vekt på praktiske fag, og var ikkje tilstrekkeleg som førebuing til gymnaset. Den obligatoriske skulen vart vidare utvida til ti år i 1990-åra, då skulestart for seksåringar vart innført.
Gymnaset var på 1800-talet og langt innpå 1900-talet ein skule for born frå dei mest velståande klassane i byane. Gåverik bygdeungdom måtte òg til byane for å gå gymnaset, og få gjekk den vegen, sidan det både var dyrt og låg utanfor den lokale kulturen. Men i byrjinga av 1900-talet tok høgt utdanna målfolk i Kristiania initiativet til det som vart heitande landsgymnaset. Frå 1916 til like etter andre verdskrigen vart det starta 12 landsgymnas rundt om i landet. Alle, bortsett frå eitt, nemleg Steinkjer off. landsgymnas, var plasserte på landsbygda og var eit tilbod til skuleflinke unge gutar og jenter som hadde gått i landsfolkeskulen. Landsgymnasa vart organiserte slik at det første året skulle gi kunnskap som svarte til det byungdom fekk i realskulen, som var ein treårig mellomskule mellom folkeskulen og gymnaset. Landsgymnasa vart lagde ned i løpet av 1960-åra, då den niårige ungdomsskulen var innført i heile landet. Med skulereformene i 1970-åra, då vi fekk den vidaregåande skulen, der det gamle gymnaset og yrkesutdanningane vart slått saman, vart den høgare skulen ein skule for alle. I dei kommunane som ikkje har vidaregåande skule, har dei ordningar med skuleskyss til nærmaste skulestad. Fylkeskommunane har ansvaret for dei vidaregåande skulane.
Skulesystemet er offentleg finansiert og styrt, men med innslag av nokre få private skular, som får løyvingar frå staten. 6,25 prosent av skulane er private, medan 2,5 prosent av elevane går der. I 2013 var det 615 327 elevar i grunnskulen. Alle born har plikt til å gå ti år på skule. Skulen er blant dei viktigaste og mest ressurskrevjande oppgåvene kommunane har. I den vidaregåande skulen var det i 200 059 elevar i 2013, likt fordelt mellom gutar og jenter. 39 702 lærlingar kjem i tillegg.
Noreg fekk sitt første universitet i 1811. Men det var berre ein liten elite som fekk utdanning der fram mot 1900-talet. Den store auken i studenttala kom frå midt på 1900-talet. Det kom universitet i Bergen i 1947 og i Tromsø i 1971. Seinare er Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Bodø komne til som universitetsbyar. I 1997 var det 177 690 studentar i høgare utdanning, i 2013 var det 269 063. Det er litt fleire kvinner enn menn som studerer.
Lærarane i barneskulen var opphavleg prestar og gåverike gutar frå tidlegare kull hos presten. Oppgåva deira var frå 1739 å undervise dei unge i kristendom, etter at det vart innført 12 vekers obligatorisk konfirmasjonsførebuing. Utover på 1800-talet vart det betre struktur på lærarutdanninga, då det kom i gang seminar, på Trondenes i 1826, i Asker i 1834, på Holt og på Stord i 1839. Det var framleis prestane som underviste på seminara. Kvinner fekk lov til å gå på seminar frå 1869, og kvinner erobra etter kvart ein stor plass innanfor læraryrket.
Etter kvart vart lærarutdanninga styrkt, og i 1890 vedtok Stortinget ei eiga lov for seminara. Utdanninga vart no toårig. Lova vart revidert i 1902, då skulen vart treårig og fekk namnet «lærarskulen». I mellomkrigstida vart lærarskulen utvida til fire år for studentar utan examen artium, to år for dei med examen artium.
Lærarskulane låg gjerne på landsbygda eller i små byar, til dømes i Levanger, i Elverum og på Nesna. Dei var på mange måtar landsbygda sine universitet, og lærarane var berarar av ein folkedanningstradisjon og ei viktig kjelde for den ideologien som låg til grunn for motkulturane i Noreg. Lærarane reiste heim etter utdanninga og vart viktige kulturpersonar i bygdene. Lærarar utgjorde òg kjernen i partiet Venstre, og det gjekk ein rak veg frå skulestova, via kommunestyret til Stortinget. Born av lærarar fekk gjerne universitetsutdanning, og vart lektorar, ingeniørar eller legar.
I dag er lærarutdanninga integrert i høgskulesystemet og har tapt noko av sin identitet som særmerkt institusjon for folkedanning, kunnskap, etikk og moral. Lærarskulane er ikkje lenger ei kjelde for dei sterke motkulturane. Det ligg no føre planar om å gjere lærarutdanninga femårig, med mastergrad. Då vert skilnaden mellom masterutdanning frå universiteta og lærarutdanning frå høgskulane borte.

Frå velferdsstat til velferdssamfunn

I det norske skulesystemet har òg barnehagane ein plass. Som følgje av at kvinnene gjekk ut i arbeidslivet for alvor frå 1970-åra, vart det behov for pass av borna utanfor heimen. Dei siste åra har det vore eit mål at alle som treng barnehageplass, skal få det, og no er det nesten hundre prosent dekning. Foreldra må betale ein del av utgiftene, men staten løyver ein stor del av det barnehagane kostar. Ordninga er kopla til eit system med kontantstøtte, som omfattar dei minste borna. Kontantstøtte er eit alternativ til å ha borna i barnehage.
Norske foreldre har rett til eitt års fødselspermisjon, men visse krav må vere oppfylte for at ein kan få foreldrepengar. Mellom anna må ein ha hatt inntektsgivande arbeid seks av dei siste ti månadene før fødselen. Alle fedrar har rett til 14 dagar fri i samband med fødselen, og dei kan dele fødselspermisjonen med mora. Foreldra har òg rett til utvida permisjon eitt år til, men då utan løn. Etter permisjonen har ein rett til å gå tilbake til den same stillinga som ein hadde før permisjonen.
Dei første sosiale reformene kom mot slutten av 1800-talet, etter at Venstre-leiaren Johan Sverdrups regjering i 1885 sette ned ein stor arbeidarkommisjon, der den seinare store sosialreformatoren og statsministeren Gunnar Knudsen var med. Kommisjonen føreslo mellom anna lover om arbeidarvern. På 1800-talet låg sosialpolitikken under fattigstellet i kommunane. Etter at Noreg hadde gått ut av unionen med Sverige, kom det statlege reformer på rekkje og rad, særleg under venstrestatsministeren Gunnar Knudsen frå 1913 til 1919. Då vart normalarbeidsdagen på ti timar, seinare åtte timar, innført. Det kom òg trygdeordningar for folk som vart skadde under arbeid, og sist i 1930-åra, under arbeidarpartiregjeringa til Johan Nygaardsvold, kom den første alderstrygdordninga. Krona på dette verket var folketrygda, som kom i 1967, under den borgarlege samarbeidsregjeringa til senterpartimannen Per Borten. Ti år seinare kom så ei moderne arbeidsmiljølov. Alle desse ordningane er utvida og forbetra i åra fram til i dag.

Folkehelse

Ei viktig side ved det norske velferdssamfunnet er at fellesskapen til ein viss grad tek ansvar for folkehelsa. Ein viktig faktor her er lege- og sjukehusordningane. I dag er dette systemet todelt, på den måten at dei offentlege legane som først kjem i kontakt med pasientane, er organiserte som fastlegar, med avtale med kommunen. Dei har rett til å vise pasientane til spesialistar, dei fleste i offentlege sjukehus, men òg nokre på private klinikkar som har avtale med kommunen. Nokre spesialistar er òg heilt private. Tannhelsetenesta er nesten hundre prosent privat finansiert, bortsett frå for skulelevar. Sjukehusa var tidlegare drivne av fylka, men er no statlege, organiserte som føretak, med styringsorgan og styringsimpulsar etter modell frå næringslivet. Øvst står helseministeren og helse- og omsorgsdepartementet, som styrer gjennom Helsedirektoratet og dei regionale helseføretaka, som står over sjukehusa.
Den veksande omsorgstenesta i helsestellet er kommunane sitt ansvar. Det gjeld mellom anna sjukeheimar, der pasientar frå sjukehus får etterbehandling og der gamle, sjuke personar får pleie. Eldreomsorga er òg kommunane sitt ansvar. Dei driv eldreheimar, bufellesskap og heimeteneste. Tilbodet kan variere frå kommune til kommune.

Bevaring av lokalsjukehus har vore eit viktig stridsspørsmåla. Foto frå lokalsjukehusaksjonen i Oslo 12. august 2015. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Bevaring av lokalsjukehus har vore eit viktig stridsspørsmåla. Foto frå lokalsjukehusaksjonen i Oslo 12. august 2015. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Helse og omsorg og skule er blant dei viktigaste stridsspørsmåla i norske valkampar, men i praktisk politikk er dei politiske partia stort sett samde om det meste på desse områda. Helse, omsorg og skule utgjer ein stor del av løyvingane på statsbudsjettet. Det samla budsjettet under helse- og omsorgsdepartementet for 2012 var om lag 139,2 milliardar kroner, av eit statsbudsjett på vel 1500 milliardar kroner. I tillegg kom dei kommunale løyvingane, som òg dels kjem frå staten.
For vel hundre år sidan, då dei første moderne reformene kom i helsestellet, tok smittsame infeksjonssjukdomar og tuberkulose flest liv. Det har vore få epidemiar i dei seinare åra. I åra etter første verdskrigen vart Noreg ramma av «spanskesjuka», ein influensasjukdom som tok om lag 15 000 liv. I første halvdel av 1950-åra fekk Noreg som andre land i Europa ei bølgje av poliomyelitt, men denne epidemien vart stansa av ein vaksine som kom sist i 1950-åra.
I perioden 1866–70 var den forventa levealderen 47 år for menn og 50 år for kvinner, i perioden 1946–50 var han 69 år for menn og 72 år for kvinner, og i 2012 var levealderen 79 år for menn og 83 år for kvinner. I dag er det kroniske sjukdomar som er dei største utfordringa for folkehelsa. Det gjeld hjarte- og karsjukdomar, kreft, psykiske lidingar, diabetes og overvekt, lungesjukdom og muskel- og skjelettsjukdomar. Folkehelsestyresmaktene meiner at førebygging er betre enn medisin- og legebehandling.
Det som påverka levealderen mest i byrjinga, var nedgangen i talet på nyfødde born som døydde. Det starta då legar, jordmødrer og sjukepleiarar lærte seg å vaske hendene mellom kvar gong dei behandla ein pasient. Dette skjedde midt på 1800-talet. Hundre år seinare kom nedgangen i hjarte- og karsjukdomar, som mellom anna hang saman med endringar i kosthaldet. Begge desse helsemessige revolusjonane auka den forventa levealderen dramatisk. I dei seinare åra har helsestyresmaktene sett inn ressursar for å få ned bruken av tobakk og feit mat. Dei ventar at det skal gi eit nytt hopp opp på levealderskalaen.
Men det er store ulikskapar mellom dei ulike sosiale gruppene. Helseplagene er størst i låginntektsgruppene og blant dei som har minst utdanning. I tillegg representerer einskilde innvandrargrupper nye utfordringar for helsestellet, fordi dei ofte kjem frå område med smittsame sjukdomar som det ikkje finst noko vaksinasjonsprogram for.
I 2012 døydde 41 900 personar som var busette i Noreg, 22 300 var kvinner, og 19 600 var menn. Mange døydde av sjukdomar. Størst var gruppa som døydde av hjarte- og karsjukdommar, 4852 personar. Her går tala no ned. Det same gjeld kreft som dødsårsak, men berre sakte. 3879 døydde av kreft i 2012. Luftvegslidingar, særleg KOLS, aukar. 2092 personar døydde av slike sjukdomar i 2012. Alzheimers sjukdom og andre demenssjukdomar aukar som årsak til død. 2750 hadde slik sjukdom som dødsårsak i 2012.

Midtstuen sanatorium, ca. 1925. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.Y4694) CC BY-SA 3.0.

Midtstuen sanatorium, ca. 1925. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.Y4694) CC BY-SA 3.0.

Buformer

Buformene i Noreg gir eit godt bilete av den sosiale, kulturelle og økonomiske utviklinga over tid. Reiser vi gjennom landet i dag, ser vi relativt store hus, med velstelte hagar, og gjerne med dobbel garasje. I storbyane er prisnivået så høgt at mange må greie seg på mindre areal. Men dei fleste har moderne hjelpemiddel som vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøle- og fryseskap, fjernsyn og fleire radioar og musikkanlegg. På veggene, der det før helst hang bilete av familien, kongefamilien og englar, heng det no bilete, trykk og oljemåleri av meir eller mindre kjende kunstnarar, og nips er erstatta av brukskunst i glas, keramikk og andre materiale. Noko er teke med frå reiser i inn- og utland.
Biletet må nyanserast, men alt dette er noko nytt, og er ei følgje av ein økonomisk velstand som òg gir overskot etter at dei daglege behova er stetta. Denne endringa i buformer for folk flest starta i byrjinga av 1900-talet, då framsynte leiarar innanfor politikk og vitskap innsåg at arbeidarfamiliane i dei veksande byane levde under umenneskelege kår. Sist på 1800-talet var det ikkje uvanleg i Kristiania (Oslo), Drammen, Kristiansand, Stavanger, Bergen og Trondheim at store familiar budde på eitt eller to rom i mørke og kalde leigegardar, og dei delte gjerne kjøkken med éin eller fleire andre familiar. Nokre leigde ut ei seng til ein ugift arbeidar frå bygda.
Slike buformer stod i kontrast til dei store husa til borgarskapen og overklassa. No tok arkitektar, ingeniørar og handverkarar til å tenkje nye tankar om betre, meir sunne og meir behagelege bustader for den veksande arbeidarklassa. Røyrleggjaryrket vart eit viktig handverk då vatn og kloakk vart lagde i røyr til og frå hus og bygardar, slik at folk kunne erstatte vaskebaljen med badekar og utedoen med vassklosett.
Inspirasjonen kom frå Storbritannia og Tyskland, men fekk heimleg form i Egne Hjem-rørsla, hagebyane både aust og vest i byane og kolonihagane, som kunne vere eit landleg lyspunkt for folk som budde i tronge husvære. Samtidig kom det lovgiving som regulerte arbeidstida og dei hygieniske forholda i industrien. Arkitektane gav vakker form til fabrikkane, som kunne sjå ut som små slott, akkurat som skulebygningane som vart bygde i desse åra.
I mellomkrigstida skapte denne utvikliga grunnlag for ein byggjeindustri som tok i bruk meir rasjonelle metodar, slik at betre hus vart så billige at dei òg vart tilgjengelege for den veksande funksjonærgruppa i privat og offentleg verksemd og for arbeidarar i industrien. Etter andre verdskrigen måtte ein ta eit nytt krafttak for å gi folk gode husvære. Den Norske Stats Husbank (Husbanken) vart eit viktig politisk verkemiddel for å få fart i bustadbygginga. Banken finansierte om lag halvparten av alle bustader etter krigen og heilt fram til i dag. Det vart frå første stund sett grenser for kor stor ein bustad kunne vere, ca. 90 m2, og Husbanken gav råd om rasjonell bustadbygging.
Desse grensene er sprengde for lenge sidan. Den industrielle bustadbygginga er ført vidare av ferdighusprodusentar, mellom anna Block Watne, men mange byggjer no arkitektteikna hus med individuell utforming, tilpassa smaken og økonomien til den einskilde. Og jamvel om norsk byggjeskikk framleis har innslag av nasjonal byggjestil, er det mange som lèt seg inspirere av arkitektur i andre land. Slik har hus og heimar tilpassa seg internasjonale tendensar og dermed endra biletet av Noreg.

Bustadbygging i etterkrigsåra, her frå Oppsal i Oslo på begynninga av 1960-talet. Foto: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar/ falle i det fri.

Bustadbygging i etterkrigsåra, her frå Oppsal i Oslo på begynninga av 1960-talet. Foto: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com. Ingen kjente restriksjonar/ falle i det fri.

Språk

Noreg har to offisielle og likestilte språk, bokmål og nynorsk. I 2012 vart i norsk grunnskule 533 579 elevar underviste i bokmål som hovudmål, medan talet for nynorsk var 77 411. I tillegg er samisk offisielt språk, og det vert nytta både som administrasjonsspråk og undervisingsspråk i dei samiske distrikta. 873 elevar hadde samisk som opplæringsmål i 2012. Dessutan er kvensk, romani og romanes registrerte som minoritetsspråk, som det er eit mål å verne. Norsk teiknspråk vart erkjent som eit fullverdig språk i «Språkmeldinga», Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008). Det vil seie at teiknspråk kan brukast i alle samanhengar, og at det har utvikla eit spesialisert ordtilfang som gjer at det kan brukast i alle delar av samfunnslivet, på alle språklege bruksområde og i alle språklege bruksfunksjonar. Teiknspråk må sjåast som eitt av fleire språk som vert nytta i eit fleirspråkleg samfunn.
Innvandringa dei siste tiåra har gitt landet fleire språk som blir brukte av mindre grupper. Det er vanskeleg å finne tal for kor mange som taler slike språk, men i 2012 var det 62 832 elevar i grunnskulen som var minoritetsspråklege, og som fekk tilrettelagd undervisning for å styrkje norskkunnskapane sine. Dei representerte 179 ulike språk. Gjennom arbeidet med «Språkåret» vart det dokumentert at norsk skule på 2000-talet hadde hatt elevar med om lag 200 ulike morsmål. Språkmeldinga seier at dette mangfaldet har skapt ein ny ideologisk språksituasjon og har gitt minoritetsspråk ei sterkare stilling.
Det norske språket har si rot i norrønt, urnordisk og urgermansk språk. Går vi langt nok attende i tid, finn vi kanskje oppgavet i India. Norsk er altså eit indoeuropeisk språk. Delinga i bokmål og nynorsk høyrer vår tid til og har sitt opphav i den språklege utviklinga i dei fire hundre åra Noreg var ein del av den danske heilstaten. Overklassa i Noreg skreiv dansk, og mange av dei var fødde i Danmark og hadde nære slektningar og nær kontakt med Danmark. Men dei snakka dansk med norsk tonefall. Det kunne nok òg kome inn norske ord og uttrykk frå talemålet i bygdene. Det siste vart programmet til mange embetsmenn som var opptekne av det nasjonale etter frigjeringa frå Danmark i 1814. Ein av dei som prøvde å fornorske språket, var eidsvollsmannen og jernverkseigaren Jacob Aall, ein av dei store intellektuelle i dei første åra etter 1814. Det var mange som følgde hans eksempel, kanskje særleg Andreas Faye, Jørgen Moe og Peter Christen Asbjørnsen, som alle samla og gav ut norske folkeeventyr og segner.
Men den som for alvor og på ein vitskapeleg måte gjekk i gang med å skape eit skriftspråk av overklassa sitt språk, var husmannssonen Knud Knudsen frå Tvedestrand. Gjennom hans verk vart riksmålet, seinare bokmålet, til gjennom at norske ord og syntaksen frå norsk talemål vart teke i bruk i staden for tilsvarande dansk. Mange av dei store diktarane i siste halvdel av 1800-talet tok i bruk dette språket og utvikla det vidare til eit godt bruksspråk.
Nynorsk er resultatet av eit språkvitskapleg storverk av Ivar Aasen frå Ørsta på Sunnmøre. Han samla språkprøver frå bygdene på Vestlandet, i fjellbygdene og dalane på Austlandet og i Trøndelag og støypte dei om til eit levedyktig skriftspråk, som han kalla landsmål (seinare nynorsk). Dette språket vart teke i bruk i den politiske kampen om makta og den kulturelle og sosiale utviklinga i Noreg i siste halvdel av 1800-talet. Etter kvart vart nynorsk både eit litteraturspråk, eit administrasjonsspråk, eit avisspråk og eit skulespråk. Det nådde høgda i utbreiing i tida fram mot andre verdskrigen. Nynorskforlaget Det Norske Samlaget vart grunnlagt i 1868 av juristen Hagbard Emanuel Berner.

«Ivar Aasen i sin stue», 1895. Utsnitt av oljemåleri av Lars Osa. Eigar: Bergen kunstmuseum, deponi Ivar Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet.

«Ivar Aasen i sin stue», 1895. Utsnitt av oljemåleri av Lars Osa. Eigar: Bergen kunstmuseum, deponi Ivar Aasen-tunet. Foto: Ivar Aasen-tunet.

I 1914 kom det første landsgymnaset, som var ein skule for vidaregåande utdanning for landsungdom, driven fram av framståande nynorskfolk i hovudstaden. Skuleslaget breidde seg utover landet, og dei siste landsgymnasa kom like etter andre verdskrigen, på Vinstra i Gudbrandsdalen og i Finnfjordbotn i Troms. Dei fleste av desse skulane brukte nynorsk som hovudmål.
I dei seinare tiåra har nynorsk som målform i skulen gått sterkt tilbake i Trøndelag og i dalføra på Austlandet, men er framleis dominerande på landsbygda på Vestlandet. I NRK skal 25 prosent av verbalinnslaga vere på nynorsk, medan dei private media er meir tilbakehaldne i bruken av nynorsk. Mange aviser, særleg dei riksdekkjande avisene, har, truleg av marknadsmessige omsyn, reglar om at avisa skal redigerast på bokmål. Nynorskrørsla har protestert mot dette utan å få nemneverdig gjennomslag. Det finst elles ein rik flora av aviser som er redigerte på nynorsk.
Staten har forplikta seg til å bruke og fremje nynorsk språk i forvaltninga, men det står ikkje så bra til. Men som litteraturspråk står nynorsk sterkt. Mange av dei mest kjende skjønnlitterære forfattarane i Noreg skriv på nynorsk, til dømes Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem, Ragnar Hovland, Eldrid Lunden og Agnes Ravatn.
Dei skandinaviske språka – norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk – har felles opphav, men det er no berre nordmenn, svenskar og danskar som kan forstå kvarandre. Og sjølv det ser ut til å verte vanskeleg etter kvart. I 1970-åra vart det gjort framlegg om felles fjernsynssendingar via satellitt for å fremje den skandinaviske språkforståinga, men det vart ikkje realisert. Samarbeidet mellom dei nordiske allmennkringkastarane er likevel omfattande, og fleire populære program, mellom anna dramaseriane «Broen» og «Mammon», vert sende i fleire nordiske land.
Den store folkeflyttinga dei seinare åra har ført til at ein kan høyre dialektar frå alle kantar av landet på dei fleste tettstader. Dette har ført til ein toleranse overfor dialektane som ikkje fanst til dømes i hovudstaden Oslo for 40–50 år sidan. I 1970-åra lanserte målrørsla parolen «Skriv nynorsk, tal dialekt», og no er det vanleg at folk frå andre kantar av landet held på dialekten sin jamvel etter mange år i område med ein annan dialekt eller med sterk normering.

Kyrkje og religion

Grunnlova av 1814 slo fast at den evangelisk-lutherske religionen skulle vere offisiell religion i Noreg. Han hadde då vore i ein slik posisjon sidan reformasjonen i 1530-åra. Noreg vart kristna kring år 1000, men det er ikkje klart kva slags trustilhøve folk hadde opp gjennom hundreåra. Ut frå rettsprotokollar har historikarar funne ut at Gud vart rekna som ein aktiv deltakar i samfunnslivet til langt utpå 1700-talet. Med opplysingstida vart religiøse førestillingar etter kvart erstatta av rasjonell tenking hos folk.

Nesseby kyrkje i Nesseby kommune i Finnmark. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Nesseby kyrkje i Nesseby kommune i Finnmark. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Grunnlova sa òg at jødar og katolske ordenar var stengde ute frå riket. Først frå 1845 kunne kristne dissentarar drive forkynning. Dei vart då rekna som statsborgarar. I 1851 vart jødeparagrafen oppheva, og i 1956 fekk jesuittane, som dei siste som var stengde ute av religiøse grunnar, tilgang til riket. Etter dette har den religiøse tvangen vore borte, og i dag er Noreg nærmast ein sekulær stat. Dette kjem no òg til uttrykk i Grunnlova, sidan statskyrkja vart avskaffa i 2012, og den norske folkekyrkja er sidestilt med andre trussamfunn når det gjeld statlege økonomiske løyvingar, jamvel om ho enno har ein privilegert posisjon.
Men kyrkja taper stadig terreng blant folk, og medlemstala går stadig nedover. I 2002 var 85 prosent medlemer i Den norske kyrkja, i 2013 var det 76 prosent. Dåp, vigsling og konfirmasjon går òg attende, og det same gjer kyrkjelege gravferder. Men framleis ønskjer eit stort fleirtal å ha kyrkja som seremonimeister ved spesielle høve, slik som etter tragedien 22. juli 2011. Det er òg markante regionale skilnader i oppslutninga om Den norske kyrkja. Kongen skal framleis vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen. Det står i Grunnlova.
Tendensen til sekularisering er ikkje noko særmerkt norsk fenomen. I mange europeiske land vert kyrkjebygg tekne i bruk til andre føremål. Det har enno ikkje skjedd i stor skala her i landet.
Mange av innvandrarane har ei nærmare tilknyting til ulike religionar enn det nordmenn flest har. Den katolske kyrkja har hatt ein renessanse, sidan det har kome mange polakkar til landet. Det er òg stor aktivitet rundt dei mange moskeane som muslimane har bygd, og som dei nyttar både til gudshus, samfunnshus og kulturhus.

Kunst, kultur og idrett

Sidan Noreg er eit lite land, med få rike private mesenar, har staten teke på seg ansvaret for at kulturen skal bløme over heile landet. Den statlege kultursatsinga har i dag politisk grunnlag i to politiske vedtak: kulturlova av 2007 og «Kulturløftet», som er styrkt tre gonger, sist i 2013. Til reine kulturføremål går det årleg 10 milliardar kroner over statsbudsjettet. Regjeringa Stoltenberg hadde som mål at kulturen skulle nå éin prosent av statsbudsjettet, og nådde nesten målet. Regjeringa Solberg har redusert talet litt.
Dei største musea i landet er inne i ein fornyingsprosess. Det gjeld Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, som får ny bygning på tomta etter Vestbanestasjonen i Oslo. Eit nytt Munch-museum vert reist nær det nye operahuset i Bjørvika i Oslo. Folkemuseet i Oslo er eit av dei mest besøkte musea, saman med Skimuseet i Holmenkollen. Fleire av universitetsmusea er òg under restaurering.
Det kulturtilbodet som vert nytta av flest personar, er kino. 70 prosent av alle nordmenn er på kino minst éin gong i året. Kinoen i Noreg har stort sett vore kommunal, men vert no meir og meir overteken av private medieselskap. Over 60 prosent av alle nordmenn har vore på konsert av eit eller anna slag i løpet av eit år, medan 50 prosent har brukt folkebiblioteket. Etter desse institusjonane kjem musea, utstillingar, kulturfestivalar, ballett og opera. Idretten er ein del av «det utvida kulturomgrepet» sidan den første stortingsmeldinga om kultur kom i 1970-åra. Idretten på elitenivå har vorte profesjonell, og mange gjer det sterkt internasjonalt. Blant dei internasjonalt kjende stjernene finn vi Petter Northug, Marit Bjørgen, Terese Johaug, Ole Einar Bjørndalen, Ole Gunnar Solskjær og Magnus Carlsen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Marit Bjørgen med gulljakke, frå Ski-VM i Holmenkollen 2011.
Marit Bjørgen med gulljakke, frå Ski-VM i Holmenkollen 2011.
Foto: Erik F. Brandsborg/ Aktiv i Oslo, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Etter andre verdskrigen vart det bygd samfunnshus over heile landet, finansiert mellom anna av Norsk Tipping sitt overskot. Statens ungdoms- og idrettskontor, under leiing av Rolf Hofmo (1898–1966), administrerte bygginga av samfunnshus og idrettsanlegg. På 2000-talet byggjer norske kommunar nye kulturhus, som skal gi rom for mange ulike kulturaktivitetar. Museum, arkiv og bibliotek vert slått saman, med den grunngivinga at dei skal verte sterkare fagleg og økonomisk. Og på det reine kulturfeltet vert såkalla knutepunktinstitusjonar sikra årlege løyvingar over statsbudsjettet. Det går vel 1,5 milliardar kroner over statsbudsjettet til idrettsføremål. Noko av desse pengane går til idrettsanlegg, og 156 millionar går til lokale lag og foreiningar. 55 prosent av alle nordmenn har vore på eit idrettsarrangement siste året.
Nordmenn er eit avislesande folk. Nokre aviser er riksdekkjande, andre er regionsaviser og nokre er lokalaviser. Men hovudbiletet er at norske aviser er lokale. I 2012 kom det ut 168 ulike aviser. Mange av dei kjem ut éin eller nokre dagar i veka, men mange kjem òg ut seks gonger og nokre få sju gonger i veka. Dei største avisene er Aftenposten, VG, Dagbladet og Dagens Næringsliv. Desse og andre papiraviser har dei siste 15 åra hatt ein dramatisk nedgang i opplaget, laussalavisene VG og Dagbladet mest. Lokalavisene har greidd seg monaleg betre. Totalopplaget har gått ned frå 2 934 000 i 1993 til 2 306 000 i 2012. Men dersom ein tek med dei elektronisk baserte avisene, reknar avisverksemdene med at dei har fleire lesarar no enn nokon gong før.
Staten har løyvd pengar til støtte for små og vanskeleg stilte aviser heilt sidan 1970. Fem aviser har spesialstønad for å vere «riksdekkjande og meiningsberande»: Dagsavisen, Nationen, Klassekampen, Vårt Land og DagenMagazinet. Papiravisene er fritekne for meirverdiavgift, medan dei digitale avisene må betale slik avgift. Stønadssystemet for media er no under vurdering.
Bakgrunnen for tilbakegangen for papiravisene er den teknologiske endringa som skjedde med Internett og mobiltelefoni som distribusjonskanalar for nyhende og underhaldning frå midten av 1990-åra. Internett og fjernsyn har gått forbi avisene som viktige kanalar for nyhende. 93 prosent av alle nordmenn har heime-PC, 92 prosent har internettilgang, og 96 prosent har mobiltelefon. Men framleis les 30 prosent bøker av papir, anten etter å ha kjøpt bøkene eller lånt dei.
Kunst og kultur spelte ei hovudrolle for å byggje opp den nasjonale identiteten på 1800-talet og langt innpå 1900-talet. Det starta med innsamling av folkekulturelle uttrykk, til dømes eventyr, segner, viser og musikk. Framveksten av to norske skiftspråk var ein del av denne utviklinga, jamvel om språket som kulturell og sosial markør hadde potensial i seg til å verke skiljande. Til ut i 1970-åra var det språkstrid, med sterke protestar mot ein politikk som tok sikte på å føre dei to skriftspråka saman til eitt. Dei store diktarane i siste halvdel av 1800-talet, mellom dei Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland, Jonas Lie, Amalie Skram, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, målarar som Johan Chr. Dahl, Christian Krogh, Erik Werenskiold og komponistar som Ole Bull, Johan Svendsen og Edvard Grieg, gav impulsar til den norske felleskulturen.
Norsk kultur har hatt mange utøvarar som har vorte kjende internasjonalt. Det gjeld Henrik Ibsen, som vert spelt dagleg ein aller annan stad i verda, Knut Hamsun, som trass sitt svik under den tyske okkupasjonen har vore eit førebilete for mange forfattarar, og lesen av millionar, Edvard Grieg, som både i det vesle og det store formatet er ein av dei store i musikkverda, og Edvard Munch, som er ein målar som er høgt verdsett både kunstnarleg og økonomisk. Eit av målarstykka hans, «Skrik», sette prisrekord då det vart selt på auksjon i New York i 2012 for vel 615 millionar kroner. I nyare tid har Liv Ullmann sett Noreg på film- og teaterkartet både som skodespelar og regissør, Leif Ove Andsnes har begeistra store skarar i dei fremste konsertlokala i verda, bøkene til Karl Ove Knausgård vert lesne og omtalte over heile verda, og det same gjeld krimforfattaren Jo Nesbø. Jon Fosse sine teaterstykke vert synte fram i mange land. Ingen norsk dramatikar har hatt slik suksess sidan Henrik Ibsen. Popgruppa a-ha vann seg eit stort namn innanfor populærmusikksjangeren i 1980- og 90-åra.
(Artikkelen held fram under biletet)
Omslagsbilete frå a-ha si debutplate «Hunting high and low» frå 1985.
Omslagsbilete frå a-ha si debutplate «Hunting high and low» frå 1985.
I nasjonsbygginga fekk kunstnarane på dei ulike områda tidleg støtte av akademikarar, særleg historikarar, som gav landet ei stolt historie – med vikingar, vikingkongar og den frie norske bonden som heltar. Den norske historieforteljinga på 1800-talet var historia om framveksten av ein norsk nasjon, med bøndene i brodden, som kasta av seg det danske åket og seinare kjempa for at landet skulle kome ut av unionen med Sverige. På det politiske området var det embetsmennene som dominerte dei første åra etter 1814, men etter kvart kravde bøndene sin rett, og dei vann fleirtal i 1884, då venstreopposisjonen danna den første reine Venstre-regjeringa og innførte parlamentarismen. Seinare kom arbeidarane og kvinnene inn i styringa av landet, då allmenn røysterett vart innført i 1898 og 1913. Kvinnerørsla frå 1880-åra er ein lite påakta del av norsk historie. Leiarane av denne rørsla, mellom andre Gina Krog og Fredrikke Marie Qvam, fekk fortent merksemd under kvinnerøysterettsjubileet i 2013, men enno står det mykje att å seie om kvinnene sin plass i utviklinga av den norske nasjonen på 1800- og 1900-talet.
Etter andre verdskrigen kan ein seie at samlinga av Noreg til ei politisk, sosial og kulturell eining vart fullført. I dag er utfordringa å integrere innvandrarane i den norske fellesskapen. Det går rimeleg bra, og personar med innvandrarbakgrunn gjer seg etter kvart gjeldande også innanfor både den kulturelle, sosiale og politiske eliten.

Historie

Norsk historie kan førast attende til tida etter siste istid, då steinalderfolk kom frå sør og busette seg langs de isfrie strendene. Arkeologane finn stadig gjenstandar etter dei når nye vegar og hus skal byggjast. Nedsmeltinga av isbreane dei siste åra har òg auka mengda av steinaldergjenstandar og dermed gitt ny innsikt om den eldste historia vår.
Men det er først frå vikingtida omkring år 1000 at vi veit noko om tenkjemåten til nordmenn og korleis dei organiserte seg politisk. Islendingesoger, skaldekvad og Snorres kongesoger er unike skriftlege kjelder til den tidlege historia. Norsk historie frå rikssamlinga under Harald Hårfagre til i dag har handla om å halde dei ulike delane av landet saman, byggje ned kulturelle, sosiale og økonomiske skilje, styrkje folket si deltaking i styret av landet og hindre framande makter i å ta over landet. Samtidig har Noreg og norsk kultur teke imot kulturelle impulsar utanfrå.
(Artikkelen held fram under videoane)
«Norge blir til, del 1», av Ola Onsrud. Video om korleis Noreg vart til, frå Halvdan Svarte til Eirik Blodøks.
«Norge blir til, del 2», av Ola Onsrud. Video om korleis Noreg vart til, Eirik Blodøks til Olav den heilage.
Vikingtida var prega av krig både internt og eksternt. Vikingkongane – Harald Hårfagre, Håkon den gode, Olav Trygvason og Olav Haraldsson – kjempa slag både heime og ute. Kyrkja, med paven som øvste leiar, fekk òg makt etter kvart, men ei stabil samling av landet under éin konge vart det ikkje før på 1200-talet, under etterkomarane til kong Sverre. I desse åra, under kongar som Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøte og Håkon 5. Magnusson, nådde Noreg eit politisk og kulturelt nivå på høgd med mange europeiske nasjonar. Men då svartedauden sette inn midt på 1300-talet, synte det seg at mellomalderkulturen var for svakt underbygd økonomisk til å motstå ein politisk nedgang. Mange bygder vart lagde aude, statsinntektene fall med innpå 80 prosent, og politisk vart Noreg ein kasteball mellom Sverige og Danmark. Den samfunnsstyrande eliten vart redusert mykje meir enn i nabolanda, og til slutt kunne dei danske oldenborgkongane oppløyse dei norske styringsorgana og tvinge Noreg til å verte ein del av kongeriket Danmark.
Viktige årstal i denne utviklinga er 1319, då Håkon 5. døydde, og dotterson hans, Magnus Eiriksson, som òg var svensk konge, vart norsk konge, berre tre år gamal, og 1380, då Håkon 6. Magnusson døydde og dronninga hans, Margrete, som var dansk prinsesse, tok over styret etter sonen, barnekongen Olav, som døydde i 1387. Margrete fekk òg styringsrett over Sverige, og Kalmarunionen mellom dei tre landa samla dei til eitt rike i 1397. Frå 1434 gjekk kongefellesskapen etter kvart i oppløysing, og med valet av Gustav Vasa til svensk konge i 1523 var unionen reelt sett oppløyst. Noreg og Danmark heldt saman vidare. I 1537 førte reformasjonen til at den siste viktige institusjonen under norsk styre, kyrkja, vart lagd under kongen i København. I 1660/61 vart den danske og norske adelen sett til side av kong Fredrik 3., og eineveldet vart innført. Frå då av var Noreg ein integrert del av den danske heilstaten.
Det har vore ulike vurderingar av Noreg under dansk styre. Henrik Ibsen, med inspirasjon frå Nicolai Wergeland, far til Henrik, kalla det «hundreårignatten», medan andre har lagt vekt på den norske framgangen både økonomisk og kulturelt under dansketida. Som del av kongeriket Danmark var Noreg med som ein storaktør både på det europeiske kontinentet og i koloniar i Vestindia og i India, både som krigarnasjon og som økonomisk makt. Noreg, som var ein stor sjøfartsnasjon, var òg engasjert i slavehandel.
Mot slutten av 1700-talet tok mange nordmenn til å arbeide for meir sjølvstende innanfor, eller også utanfor, det politiske sambandet med Danmark. Norske menn, med eller utan dansk bakgrunn, tok til å gjere seg gjeldande i det dansk-norske kulturlivet, mellom andre historikarane Gerhard Schønning og Peter Frederik Suhm og naturforskaren biskop Johan Ernst Gunnerus, som grunnla Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1760. I København danna norske studentar Det Norske Selskab. Dei ville ha norske institusjonar, til dømes eit eige norsk universitet. Frå 1760-åra var Bergseminaret på Kongsberg ein viktig utdannings- og forskingsinstitusjon.
Nokre gamle norske institusjonar hadde dessutan overlevd gjennom dansketida. Det galdt tinga, der norske bønder saman med kongelege embetsmenn dømde i saker og løyste ulike rettstvistar. Då den danske kongen, Frederik 6., etter mislukka utanrikspolitiske manøvrar under napoleonskrigane, måtte overgi Noreg til den svenske kongen ved freden i Kiel i januar 1814, kom det til eit sjølvstendeopprør i Noreg, under leiing av den danske statthaldaren, prins Kristian Fredrik. Då fekk Noreg si eiga grunnlov, og sjølv om Noreg etter ein krig sommaren 1814 måtte gå i union med Sverige, fekk landet behalde Grunnlova.
(Artikkelen held fram under videoane)
I høve grunnlovsjubileet i 2014 forelas Farnk Aarebrot frå Kvarteret i Bergen om Noregs historie frå dei siste 200 åra. «200 år på 200 minutter - del 1», NRK Skole.
«200 år på 200 minutter - del 2», NRK Skole.
«200 år på 200 minutter - del 3», NRK Skole.
Den politiske, kulturelle og sosiale utviklinga i Noreg på 1800-talet hadde som mål å sameine landet for at det skulle stå sterkast mogleg andsynes unionsbroren Sverige. Med Grunnlova i hand vart landet demokratisert tidlegare enn Sverige, den økonomiske framgangen var stor, og til slutt enda striden om utanrikspolitikken, særleg konsulatvesenet, som var den einaste delen av det politiske feltet som var felles for dei to landa, med lausriving i 1905.
«Den nye arbeidsdagen» etter unionsoppløysinga vart ei ny framgangstid for Noreg, men med tydelege tilbakeslag i mellomkrigstida. Sosiale reformer gav arbeidarklassa betre tryggleik i arbeidslivet og jamna ut skilnader mellom dei sosiale gruppene. Samtidig vart dei kulturelle skilnadene som geografi og næringsliv hadde skapt, bygde ned. Slik bøndene kom inn for alvor i styringa av landet i 1884, kom den organiserte arbeidarrørsla inn i styringa for alvor frå 1935, då Johan Nygaardsvold frå Arbeidarpartiet danna regjering etter eit forlik med Bondepartiet, det såkalla «kriseforliket».
Under andre verdskrigen heldt regjeringa og kongen til i eksil i London. Etter krigen fekk Arbeidarpartiet reint fleirtal i Stortinget. Under Einar Gerhardsen som statsminister nådde det norske sosialdemokratiet sitt høgdepunkt frå 1950-åra og fram til 1965. Jamvel om Arbeidarpartiet var det dominerande partiet og hadde reint fleirtal i Stortinget fram til valet i 1961, hadde samarbeidet i kampen for norsk sjølvstende under okkupasjonen vore med på å byggje ned dei sosiale motsetnadene, og dermed òg dei politiske motsetnadene, som hadde prega den politiske kulturen fram til 1940. Men på mange måtar var grunnlaget for denne utviklinga lagt i hundreåret før, då Noreg sakte arbeidde seg fram til fullt sjølvstende.
(Artikkelen held fram under biletet)
Einar Gerhardsen. Foto: Statsministerens kontor
Einar Gerhardsen. Foto: Statsministerens kontor
Politikken etter 1945 var prega av sterkt statleg engasjement i økonomien, og særleg i tungindustrien, som var bygd på billig straum. Eit system av planstyring frå sentrale styresmakter vart etter kvart avløyst av ein konsensusprega blandingsøkonomi. Nøkkelen til suksess låg i den store graden av samspel mellom aktørane både i politikk og næringsliv. Økonomien var stramt regulert. Arbeidslivet vart demokratisert, med ulike samarbeidsordningar. Samtidig vart velferdsordningane bygde ut. Folketrygd for alle kom i 1967, niårig obligatorisk skule kom i 1960-åra, og i 1970-åra kunne den vidaregåande skulen gi tilbod både til dei som ville førebu seg på praktiske yrke, og dei som ønskte å studere vidare. Alle desse tiltaka tok sikte på utjamning mellom samfunnsklassar og landsdelar. Dette var det norske sosialdemokratiet sitt bidrag til nasjonsbygginga, som nådde sitt høgdepunkt ved inngangen til 1970-åra.
Einar Gerhardsen, leiaren i Arbeidarpartiet, var statsminister i heile perioden fram til 1965, med unntak av åra 1951 til 1955, då Oscar Torp tok over, og fire veker hausten 1963, då John Lyng frå Høgre danna ei koalisjonsregjering støtta av dei borgarlege partia.
Denne stabiliteten tok slutt i løpet av 1970-åra. Då kom det ein periode med politisk uro og skiftande regjeringar, men framleis med Arbeidarpartiet i ein dominerande posisjon. Dei leiande politikarane i denne perioden var Kåre Willoch frå Høgre og Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet.
Åra frå 1970 til 1990 var ei tid for oppbrot frå den sosialdemokratiske orden. Gamle statlege ordningar og monopol vart oppløyste, og økonomien vart liberalisert. Den statlige offensiven frå dei første tiåra etter krigen vart erstatta av overgang til marknadsøkonomi, og institusjonar i sivilsamfunnet fekk nye oppgåver innanfor velferdssystemet. Bakgrunnen for denne snuoperasjonen var at dei jamne og gode konjunkturane frå den politisk stabile perioden vart avløyste av skiftande konjunkturar. Samtidig måtte ein både fagleg og politisk innsjå at den kontrollen ein trudde ein hadde over konjunkturane, bygde på ein illusjon. Staten kunne ikkje løyse alle problem i økonomien.
Omslaget i konjunkturane først i 1970-åra hang saman med auken i prisane på olje. Denne prisoppgangen kom Noreg til gode etter at det var funne olje på norsk sokkel i 1969. I første omgang vart utsiktene til store oljefunn brukte som middel til å motverke dei økonomiske nedgangstidene. Finansminister Per Kleppe stod sentralt i denne motkonjunkturpolitikken. Men etter kvart måtte ein innsjå at krisa hadde samanheng med at grunnlaget for den industrien som var bygd opp etter verdskrigen, stod ved eit sluttpunkt, og at nye produksjonsmåtar og nye produkt skulle erstatte det gamle.
Endringsprosessane fekk òg verknad på det ideologiske og politiske klimaet. Størst vekt på likskap vart erstatta av større vekt på fridom, einskap vart erstatta av mangfald. Den einskilde borgaren måtte sjølv ta meir ansvar for sitt eige liv og gjere val som staten hadde teke tidlegare. Slik braut den nye tida med dei kollektive førestillingane frå etterkrigstida og vart erstatta av meir individualisme.
Denne utviklinga førte til mindre politisk stabilitet. Men framleis stod skiljelinjene mellom ei borgarleg og ei sosialistisk side i politikken ved lag, jamvel om ulikskapane vart utjamna blant veljarane, som sidan 1990-åra har vandra frå den eine sida til de andre når dei meinte tida var inne for eit politisk skifte. Det vart ny politisk uro på tvers av partia under EU-striden før folkerøystinga i 1994. Men etter 2005 kom ein ny politisk stabil periode, då det lukkast Arbeidarpartiet å få til eit samarbeid over hovudskiljelinjene mellom dei borgarlege og dei sosialistiske partia, og Jens Stoltenberg danna ei raud-grøn regjering saman med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. 2013 vart denne regjeringa erstatta av ei mindretalsregjering av Høgre og Framstegspartiet, med Venstre og Kristeleg Folkeparti som støtteparti, og med høgreleiaren Erna Solberg som statsminister.

Land og folk

Det finst ei førestilling om at landet formar menneska som bur der. Dersom det er rett: Korleis har landet forma nordmennene?
Kjem du flygande frå sør over dei flate landområda i Frankrike, Tyskland og Danmark, med rettvinkla jordbrukseigedomar og store byar, er det ein kontrast å kome inn over den norske sørlandskysten: ein hakkete sjøkant med fjordarmar som stikk inn i landet, mellom desse fjordane nakne berg og snødekte fjell, store skogområde, innsjøar og ein og annan grøn flekk med merke etter aktivt jordbruk. Vi kjem til eit land med store variasjonar: ein vinter med korte dagar og lange netter, og dersom ein kjem langt nok nord, med mørke heile døgnet, men òg med ein sommar med lange dagar og nesten ikkje natt, og lengst i nord dag og natt i eitt. Her er kulde og snø, her er varme og regn, og grøne og blømande område i vekst. Og her er høgfjellsområde og breie fjordar som skil menneska. Dialektane varierer, og produksjonstilhøva både for jordbruk og fiske, for industri og for tenesteyting er ulike.

I delar av Ryfylke har kraftig iserosjon fleire stader skapt stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden. Foto av Lysefjorden. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

I delar av Ryfylke har kraftig iserosjon fleire stader skapt stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden. Foto av Lysefjorden. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Norsk politikk har sidan slaget i Hafrsfjord i 872 gått ut på å sameine dette landet og dette folket til ein nasjon. Om det lukkast, og når det lukkast, har vore drøfta heilt fram til i dag. Den opphavleg polske antropologen Nina Witoszek, som ser landet utanfrå, hevdar at det er Oskeladden som er den symbolske stamfaren til nordmennene. Forteljinga om Oskeladden handlar om korleis ein kan bli rik, lukkeleg og populær utan å skade naturen og tape som menneske på vegen. Oskeladden er eit geni forkledd som bygdetulling. Diktaren Knut Hamsuns norske helt er August i Pollen, som ein dag tek store sildesteng og bruker pengane i ein fei, men som syng og er glad til han på nytt tek eit steng.
Kanskje er det noko i dette. Nordmenn har nok vore arbeidssame og teke kampen opp mot både geografi, geologi og meteorologi. Men dei har òg hatt flaks, i 1814 då dei fekk fridomen i gåve, i 1945 då dei demokratiske maktene i vest og sovjetdiktaturet i aust sende det nazistiske diktaturet i grava, og Noreg kunne byggjast opp att frå noko som ikkje var lagt i ruinar, men som var forsømt i fem år. Og dei hadde griseflaks då framsynte menn i Utanriksdepartementet rundt 1960 kjempa fram ein internasjonal orden for havområda som mangedobla landet sitt territorium, og som ti år seinare viste seg å innehalde store mengder av det svarte gullet, olje og gass.
Slik kan ein seie at Noreg er vorte eit av dei rikaste og mest vellukka landa i verda. Flaks og hardt arbeid har gått hand i hand. Med dette som ballast har nordmenn reist ut i verda både for å handle og for å spreie gode bodskapar: Gud først, seinare pengar, fred og demokrati – den nye religionen i ein sekulær nasjon. Nordmannen gjorde som Oskeladden og plukka opp det han fann, og verda gav han høve til å bruke det.

Kjelder

Håkon W. Andersen ofl.: Fabrikken, Scandinavian Academic Press 2004
Ivar Bjørndal: Videregående opplæring i 800 år, Forum bok 2005
Gudleiv Forr: «Sosialpolitiske brytninger i Kristiania i 1890-åra», utrykt hovudoppgåve frå UiO 1968
Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset, Det Norske Samlaget 2007
Ole Kristian Grimnes: Det norske flaggets historie, Dreyer 2014
Knut Helle (red.): Aschehougs norgeshistorie, bd. 1–12, Aschehoug 1996
Kulturdepartementet: Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) (Språkmeldinga)
Einar Lie og Hege Roll-Hansen: Faktisk talt. Statistikkens historie i Norge, Universitetsforlaget 2001
Dagfinn Mannsåker (red.): 100 års historisk forskning. Utvalgte artikler fra Historisk Tidsskrift, Universitetsforlaget 1969
Eli Moen: Globalisering og industripolitiske strategier, rapport for Makt- og demokratiutredningen 2002
Anne-Hilde Nagel og Ståle Dyrvik (red.): Folkestyre? Kritisk søkelys på 1814-demokratiet, Bodoni forlag 2014
Francis Sejersted: Demokratisk kapitalisme, Universitetsforlaget 1993
Francis Sejersted: Teknologipolitikk, Universitetsforlaget 1998
Statistisk sentralbyrå: Statistisk årbok 2013 og andre statistiske opplysningar
Øyvind Østerud ofl.: Makten og demokratiet, sluttbok fra Makt- og demokratiutredningen, Gyldendal 2003

Først publisert: 09.09.2014
Sist oppdatert: 31.03.2017