Hopp til innhold
Det papuanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det papuanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Papua Ny-Guinea

Papua Ny-Guinea er ein ung stat med ei ung befolkning, som rangerer øvst i verda når det gjeld språkmangfald, folkeslag som ikkje er kontakta, og vald mot kvinner.

Papua Ny-Guinea er ein oseanisk øystat som omfattar den austlege halvdelen av øya Ny-Guinea og fleire mindre øyar i Melanesia. Den einaste landegrensa, som deler øya Ny-Guinea i to, ligg mot Indonesia, som rår over den vestlege delen av øya. Landet har maritime grenser mot Australia, Salomonøyane og Indonesia. Papua Ny-Guinea er eit samveldeland og har tette band til Australia.

Sjølvstende vart oppnådd først i 1975, etter britisk, tysk og til slutt australsk kolonistyre. Den aukande økonomiske aktiviteten i denne perioden (1884–1975) kom ikkje dei lokale innbyggjarane til gode, som vart nytta som billig arbeidskraft i europeiskeigde gullgruver og kokosplantasjar.

Kolonistyret førte derimot til språkleg rikdom. Ein allereie ekstremt kompleks språksituasjon vart utvida med endå fleire pidgin- og kreolspråk då det vart meir kommunikasjon og europeiske språk kom til i den språklege smeltedigelen.

Papua Ny-Guinea er den nasjonen som har flest språk og nest størst språktettleik i verda. For kvart av dei over 800 språka er det i gjennomsnitt berre 7000 morsmålsbrukarar. Desse språka høyrer til den austronesiske og den papuanske språkfamilien. Fleire av dei papuanske språka er framleis udokumenterte. Engelsk er i dag offisielt språk i statsapparatet. Tok pisin, eit engelskbasert kreolspråk, tener som «lingua franca» (fellesspråk) elles. Det har teke over denne rolla frå hiri motu, eit eldre kreolspråk, som er det tredje offisielle språket.

Det språklege mangfaldet og dei to overordna språkfamiliane speglar den etniske samansetjinga i landet. Dei papuanske folkeslaga, som er nærmare skylde med australske folkeslag enn med austronesiske, kom først, for fleire titusen år sidan. Austronesiske folkeslag, den andre hovudgruppa, kom til øya for nokre tusen år sidan.

I Papua Ny-Guinea finst nokre av dei minst utforska områda i verda, der det bur fleire ukontakta folk. Berre 13 prosent av befolkninga budde i byar i 2019. Økonomien er framleis jordbruksbasert (30 prosent av BNP), medan mineral og petroleum er dei viktigaste eksportvarene. Dei har gitt grunnlag for økonomisk vekst. Lite utvikling og låge kystområde gjer landet sårbart for klimaendringar, og i 2016 vart landet medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

Papuanarar fotograferte i samband med eit val i hovudstaden i juni 2012. Foto: Tarami Legei / Commonwealth Secretariat, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Papuanarar fotograferte i samband med eit val i hovudstaden Port Moresby i juni 2012. Foto: Tarami Legei / Commonwealth Secretariat, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Kjelder

Colin Mackerras: Ethnicity in Asia. New York 2003

Max Quanchi: «Melanesia. A region and a history», i Eric Hirsch og Will Rollason (red.): The Melanesian World. Abingdon 2019

 

Kate Lyons: «Papua New Guinea MPs elect James Marape to be next prime minister», theguardian.com, publisert 30.5.2019: https://www.theguardian.com/world/2019/may/30/papua-new-guinea-james-marape-next-prime-minister [lesedato 10.1.2019]

Dickson Sorariba og Ben Doherty: «Bright lights, big problems: hardship hits career dreams of Pacific youth», theguardian.com, publisert 15.7.2020: https://www.theguardian.com/world/2020/jul/15/bright-lights-big-problems-hardship-hits-career-dreams-of-pacific-youth [lesedato 15.7.2020]

Peikarar

Landprofil hos Unicef (utdanning), data.unicef.org

Landprofil hos Freedom House (demokrati), freedomhouse.org

Landprofil hos Transparency International (korrupsjon), transparency.org

«'So many women were killed': fighting sorcery-related violence in Papua New Guinea», videoreportasje om vald knytt til klagemål om heksekunst, theguardian.com, publisert 2.2.2020

Først publisert: 27.11.2020
Sist oppdatert: 27.11.2020