Hopp til innhold
Det salomonske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det salomonske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Salomonøyane

Salomonøyane er eit lite, ungt og lite utvikla stillehavsland, avhengig av tømmereksport og av u-hjelp frå gamle og nye allierte.

Salomonøyane er ein liten øystat i Oseania. Staten er samansett hovudsakeleg av Salomon-øygruppa, som ligg i Melanesia, aust for Ny-Guinea og nordvest for Australia. Det er eit konstitusjonelt demokrati og eit samveldeland, med dronninga/kongen av Storbritannia som statsoverhovud.

Namnet «Salomonøyane» vart gitt av oppdagar Álvaro de Mendaña då han nådde øygruppa i 1568 – og vart bevart då staten fekk sjølvstende i 1978. Øyane hadde då vore britisk protektorat sidan 1893. Nokre øyar var under japansk og deretter amerikansk okkupasjon under andre verdskrigen, og heile øygruppa var åstad for nokre av dei mest intense kampane under stillehavskrigen.

Det britiske overherredømet førte til lite økonomisk utvikling for lokalbefolkninga, og Salomonøyane er framleis rekna blant dei minst utvikla landa (MUL) i verda. Kristendomen rakk derimot å få fotfeste og er den klart største religionen i landet.

Frå hovudstaden Honiara. Foto (august 2012): Jessica Douglas, flickr.com. CC BY 2.0.

Frå hovudstaden Honiara. Foto (august 2012): Jessica Douglas, flickr.com. CC BY 2.0.

Dei første tiåra med sjølvstende var prega av rask økonomisk vekst, på grunn av eksport av tømmer. Tømmereksporten førte til avskoging og dessutan økonomisk krise då prisane på tropisk tømmer fall dramatisk i 1998. Krisa utvikla seg til økonomisk kollaps då politisk og etnisk uro frå 1998 til 2003 skremde bort mykje av det vesle som fanst av utanlandske investeringar i landet. Salomonøyane er i dag avhengig av u‑hjelp, med Australia, New Zealand, EU, Japan og Taiwan som dei viktigaste bidragsytarane etter 2010.

Ein fjerdedel av befolkninga driv naturalhushald, med jordbruk eller fiske. Palmeolje og tunfisk er viktige eksportartiklar, og det finst potensial for utvinning av gull og andre metall. Aller viktigast er framleis tømmer, som gjennom 2010-åra utgjorde om lag 70 prosent av den samla eksporten.

I 2019 utløyste nasjonalforsamlinga politisk jordskjelv og ei mogleg ny utanrikspolitisk linje då ho bestemte at Salomonøyane skulle anerkjenne Kina og dermed bryte dei diplomatiske banda til Taiwan (Republikken Kina). Det er venta at dette vil føre til at Kina med tida tek over som den viktigaste økonomiske støttespelaren til Salomonøyene.

Kjelder

Colin Mackerras: Ethnicity in Asia. New York 2003

Max Quanchi: «Melanesia. A region and a history», i Eric Hirsch og Will Rollason (red.): The Melanesian World. Abingdon 2019

 

Edward Cavanough: «When China came calling: inside the Solomon Islands switch», theguardian.com, publisert 7.12.2019: https://www.theguardian.com/world/2019/dec/08/when-china-came-calling-inside-the-solomon-islands-switch [lesedato 16.7.2020]

Kate Lyons: «China extends influence in Pacific as Solomon Islands break with Taiwan», theguardian.com, publisert 16.9.2019: https://www.theguardian.com/world/2019/sep/16/china-extends-influence-in-pacific-as-solomon-islands-break-with-taiwan [lesedato 1.10.2019]

 

Peikarar

Landprofil hos Unicef, data.unicef.org

Først publisert: 30.11.2020
Sist oppdatert: 01.12.2020