Hopp til innhold
X
Innhald

Atlanterhavet

Atlanterhavet, det nest største av verdshava, er om lag 106 millionar km² stort. Ved ekvator er vatnet i overflata 28 °C, ved polarområda kan temperaturen vere under 0 °C.
 
 
Atlanterhavet, det nest største av verdshava, er om lag 106 millionar km² stort. Atlanterhavet strekkjer seg frå Arktis til Antarktis. Det nordlege Atlanterhavet ligg mellom Nord-Amerika og Europa, medan det sørlege Atlanterhavet ligg mellom Sør-Amerika og Afrika.
 
Den midtatlantiske ryggen, ei mektig undersjøisk fjellkjede, er om lag 16 000 kilometer lang, går nord-sør og dannar nokre stader øyar. Havet er djupast i Puerto Rico-djupet, 9219 meter. Atlanterhavet er det mest salthaldige av verdshava, med inntil 3,7 % saltinnhald. Ved ekvator er vatnet i overflata 28 °C, ved polarområda kan temperaturen vere under 0 °C.
 
Atlanterhavet er det mest trafikkerte av verdshava.
 
Foto under: Ein katamaran på veg ut i Atlanterhavet frå Key West, USA, i 1979. Foto: Florida Memory, State Library and Archives.
 
 
 
 
 
 
Sjå video frå NRK Skole om Golfstraumen:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.02.2012
Sist oppdatert: 23.07.2014