Hopp til innhold
X
Innhald

Aust-Sibir-havet

Aust-Sibir-havet, grunt havområde nord for Sibir mellom Nysibirøyane og Wrangeløya. Aust-Sibir-havet har eit flateinnhald på om lag 660 000 km², er isdekt det meste av året, og grensar mot Laptevhavet i vest og Tsjuktsjerhavet i aust.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012