Hopp til innhold
X
Innhald

Beringhavet

Beringhavet, den nordlegaste delen av Stillehavet nord for Aleutane, 2,3 millionar km². I sør er havet inntil 3000 meter djupt, i nord og nordaust sjeldan meir enn hundre meter. På grunn av sterke vinterstormar og havstraumar er Beringhavet eit av dei vanskelegaste hava å sigle på. Havet vart oppdaga i 1648 av kosakken Semjon Desjnjov, og vart seinare utforska av danske Vitus Bering

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.02.2012
Sist oppdatert: 03.02.2012