Hopp til innhold
X
Innhald

Bottenvika

Bottenvika, den nordlegaste bukta i Austersjøen, om lag 37 000 km². Ved Östra Kvarken er Bottenvika skilt frå Bottenhavet, som er om lag 66 600 km² stort.
Bottenvika og Bottenhavet utgjer til saman Den botniske bukta, som ved Ålands hav, Södra Kvarken og Skärgårdshavet grensar til den eigentlege Austersjøen. Langs kystane av Bottenvika ligg det is om vinteren. Vatnet i Bottenvika har lågt saltinnhald.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012