Hopp til innhold
X
Innhald

Egeerhavet

Egeerhavet, gresk Aiyaíon Pélagos, del av Middelhavet mellom Hellas og Vesleasia.
Havet har eit flateinnhald på om lag 150 000 km², og det største djupet, 2524 meter, ligg nord for Kreta.
Her er mange øyar, mellom anna Kykladane (Kikládes), Sporadane og Rhodos. Øyane er restane av ei landbru mellom Hellas og Tyrkia. Egeerhavet er fattig på fisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012