Hopp til innhold
X
Innhald

Ekkolodd

Ekkolodd, instrument til måling av havdjup, basert på at lyden forplantar seg med ein rask og jamn fart i vatn. Farten ligg rundt 1490 meter i sekundet og varierer etter kor varmt vatnet er og korleis saltinnhaldet er. Vanlegvis vert det brukt lyd med høg frekvens.
Målingsresultata vert viste på eit ekkogram. Ekkolodd kan òg gi opplysningar om fiskestimar på ulike djup og om ulike lag i havbotnen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012