Hopp til innhold
X
Innhald

Filippinargropa

Filippinargropa, havdjup i Stillehavet, aust for Filippinane. Den største målte djupna her er 10 540 meter. Gropa vart danna ved at stillehavsplata vart pressa ned under den austasiatiske plata.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012