Hopp til innhold
X
Innhald

Floridasundet

Floridasundet, eit sund mellom Atlanterhavet og Mexicogolfen, som er avgrensa av Florida i USA i nord, og Cuba og Bahamas i sør. Sundet er mellom 80 og 160 kilometer breitt, om lag 570 kilometer langt, og djupna varierer mellom 560 og 2080 meter. Gjennom sundet går Floridastraumen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012