Hopp til innhold
X
Innhald

Freemansundet

Freemansundet, sund på Svalbard. Sundet ligg mellom Edgeøya og Barentsøya, er 35 kilometer langt og 6 kilometer breitt. Sundet er oppkalla etter den britiske kvalfangaren Alderman Ralph Freeman, som var leiar for eit engelsk kvalfangsselskap tidleg på 1600-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012