Hopp til innhold
X
Innhald

Humber

Humber, seksti kilometer langt estuar, altså ein vid elvemunning, på austkysten av England. Humber ligg der elvane Trent og Ouse munnar ut. Byane Hull og Grimsby ligg på nord- og sørsida av Humber. Mellom Hull og Barton ligg ei av dei lengste hengebruene i verda, Humberbrua, som har eit hovudspenn på 1411 meter og ei total lengd på 2220 meter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012