Hopp til innhold
X
Innhald

Indiahavet

Indiahavet, eitt av dei tre verdshava. Havet går frå Afrika i vest til Dei ostindiske øyane og Australia i aust og søraust, og har eit flateinnhald på 75 millionar km². Havet er djupast i Sundagropa utanfor Java, 7455 meter. Ei stor midtryggkjede på havbotnen deler seg i sør i to greiner, som heng saman med midtryggar i Atlanterhavet og Stillehavet. Fleire av øygruppene er toppar på andre undersjøiske fjellryggar. Monsunvinden påverkar straumsystema i havet sterkt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012