Hopp til innhold
X
Innhald

Intracoastal Waterway

Intracoastal Waterway, ei 4800 kilometer lang segllei langs aust- og sørkysten til USA. Leia går gjennom lagunar, elver, kanalar, bukter og sund. Leia vert delt i Atlantic Intracoastal Waterway, som går frå Boston, Massachusetts, i nord til Key West, Florida, i sør, og Gulf Intracoastal Waterway, som går frå Apalachee Bay, Florida, i aust til Brownsville, Texas, i vest.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012