Hopp til innhold
X
Innhald

Irskesjøen

Irskesjøen, engelsk The Irish Sea, havområdet mellom Irland og England. Her ligg mellom anna øyane Anglesey og Man. Irskesjøen er på det største 223 kilometer brei og det største djupet er 270 meter. Tidevasskilnadene kan vere opptil åtte meter. Det har vore gjort mindre funn av olje og gass på havbotnen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012