Hopp til innhold
X
Innhald

Isfjell

Isfjell, avbrotne stykke av isbrear som driv ut på havet.

Berre mellom 1/6 og 1/9 av isfjellet er synleg over vatnet. 

Nord i Atlanterhavet kjem dei fleste isfjella frå Grønland; i Sydhavet kjem dei fleste frå Antarktis. Frå breane på Vest-Grønland kalvar rundt 10 000 isfjell kvart år. Litt under fem prosent av desse driv sør for Newfoundland, og desse er til stor fare for skipstrafikken. 

I Antarktis har isfjell på fleire 1000 km² brotna av frå innlandsisen som flyt utover havet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 21.11.2017