Hopp til innhold
X
Innhald

Kattegat

Kattegat, havet mellom Sverige, dei danske øyane og Jylland. Kattegat er rundt 28 000 km² og går i nord over i Skagerrak. Mellom Skagen og Marstrand er djupna rundt 100 meter; lengre sør er det grunnare, ofte under 20 meter, men med djupare renner. I Kattegat kjem vatn frå Nordsjøen, med rundt 30 ‰ saltinnhald, saman med brakkvatn frå Austersjøen, med rundt 15 ‰ saltinnhald. Brakkvatnet frå Austersjøen held seg i overflata.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012