Hopp til innhold
X
Innhald

Korintbukta

Korintbukta, 130 kilometer lang bukt i Hellas, som skil Peloponnes frå resten av Hellas. Korintbukta er knytt til Egeerhavet gjennom Korintkanalen, som vart bygd 1881–93. Kanalen er 6,3 kilometer lang, 8 meter djup og 25 meter brei, og kan ta skip på inntil 10 000 bruttotonn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.02.2012