Hopp til innhold
X
Innhald

Kvitsjøen

Kvitsjøen, russisk Beloje More, ei grunn havbukt mellom Kola- og Kaninhalvøyane i Russland. Kvitsjøen er rundt 90 000 km², og gjennomsnittsdjupna er rundt 90 meter. Den femti kilometer breie Kvitsjøhalsen fører inn til den eigentlege Kvitsjøen, som delar seg i Dvina-, Onega- og Kandalaksjabukta. Den viktigaste hamnebyen er Arkhangelsk.
Kvitsjøen er islagt frå oktober til mai, og råkene må haldast opne av isbrytarar. I norrøn tid vart Kvitsjøen kalla Gandvik, og vart mellom anna besøkt av Ottar. Nordmenn dreiv tidleg selfangst her.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012