Hopp til innhold
X
Innhald

Labradorstraumen

Labradorstraumen, kald havstraum langs kysten av Labrador, Canada. Straumen vert danna av Baffinlandstraumen og Vestgrønlandsstraumen, og møter Golfstraumen ved Newfoundlandsbankane. Når det kalde vatnet i Labradorstraumen møter det varme vatnet i Golfstraumen vert det danna hyppige skoddebankar, som er til stor fare for skipsfarten. Labradorstraumen fører òg med seg isfjell frå Vest-Grønland

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012