Hopp til innhold
X
Innhald

Marmarahavet

Marmarahavet, tyrkisk Marmara denizi, i oldtida Propontis, innhavet mellom europeisk og asiatisk Tyrkia. Marmarahavet er ved Bosporus bunde saman med Svartehavet, ved Dardanellane med Egeerhavet. Havet er rundt 200 kilometer langt, inntil 80 kilometer breitt, og det største djupet er 1355 meter. Her er mange øyer, den største er Marmara. Her er mykje skipstrafikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012