Hopp til innhold
X
Innhald

Middelhavet

Middelhavet, havet mellom Europa og Afrika, med eit flateinnhald på 3,1 millionar km². Det liguriske havet, det tyrrenske havet, Adriahavet, Det joniske havet, Egeerhavet, Marmarahavet og Kretahavet vert alle rekna som delar av Middelhavet. Svartehavet med Azovhavet i aust er derimot eit bihav til Middelhavet, som i vest grensar til Atlanterhavet ved Gibraltar.

Middelhavet er inntil 1650 kilometer breitt, 3850 kilometer langt, og den største djupna er om lag 5100 meter, ved vestkysten til Hellas. Gjennomsnittsdjupna er 1490 meter. Delar av Middelhavet er sterkt forureina. Vasstilførsla er relativt lita, og saman med høg fordamping gjer dette at Middelhavet har høgt saltinnhald, særleg i aust.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 27.10.2015