Hopp til innhold
X
Innhald

Newfoundlandsbankane

Newfoundlandsbankane, Grand Banks, eit undersjøisk platå søraust for Newfoundland i Canada. Området vert gjerne kalla "dei store bankane", og har eit flateinnhald på om lag 300 000 km². Djupna ligg oftast mellom 50 og 100 meter, men nokre stader er det berre 12–15 meter. Den kalde Labradorstraumen og den varme Golfstraumen møtest ved Newfoundlandsbankane, og dette gjer at her ofte er skodde. Isfjella i området kan vere ein fare for skipsfarten. Her har vore stort fiske i fleire hundreår, først og fremst etter torsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012