Hopp til innhold
X
Innhald

Nordsjøen

Nordsjøen, randhav til Atlanterhavet mellom Storbritannia i vest og Noreg, Danmark, Tyskland og Nederland i aust. Medrekna Skagerrak har Nordsjøen eit flateinnhald på om lag 610 000 km². På den nordvesteuropeiske kontinentalsokkelen er havet grunt. I nord er havet over 200 meter djupt, i sør ligg djupna rundt 60 meter. Her er fleire grunne bankar, mellom anna Doggerbank.
Langs norskekysten går Norskerenna, som er mellom 300 og 700 meter djup. Nordsjøen er eit fiskerikt hav, men er sterkt forureina. På havbotnen ligg fleire olje- og gassfelt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012