Hopp til innhold
X
Innhald

Norskerenna

Norskerenna, fordjuping i havbotnen frå Stad til Oslofjorden. Norskerenna er mellom 50 og 95 kilometer brei, og det største djupet er utanfor Arendal, 700 meter. Utanfor Rogaland er Norskerenna mellom 250 og 300 meter djup, og renna har vorte sett på som ei hindring for eventuelle røyrleidningar frå gass- og oljefelta i Nordsjøen. Langs Norskerenna er det av og til svake jordskjelv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012