Hopp til innhold
X
Innhald

Persiabukta

Persiabukta, også kalla Den persiske golf eller Den arabiske golf, er ei bukt mellom Arabia og Iran. Persiabukta er 1000 kilometer lang, inntil 350 kilometer brei, og har eit flateinnhald på 240 000 km². Middeldjupna i Persiabukta er 25 meter, og den største djupna er 102 meter.
 
Vatnet i Persiabukta held høg temperatur, og har eit høgt saltinnhald. I Hormuzsundet, som knyter Persiabukta til Indiahavet, er straumane inngåande i overflata og utgåande i djupna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012