Hopp til innhold
X
Innhald

Sargassohavet

Sargassohavet, område i Atlanterhavet mellom 20° og 40° nord og 30° og 60° vest. Vatnet i Sargassohavet har høgt saltinnhald. I djupna har vatnet høg temperatur, og her finst svære, drivande tangmassar, sargassum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012