Hopp til innhold
X
Innhald

Slaget i Korallhavet

Slaget i Korallhavet, sjøslag 7.–9. mai 1942 mellom japanske og amerikanske flåtestyrkar. For første gong vart eit sjøslag utkjempa av fly frå sjøstridskrefter som aldri såg kvarandre, og på avstandar på rundt 160 kilometer – mykje lengre enn den maksimale rekkjevidda til slagskipa, som er rundt 30 kilometer. USA miste 74 fly, Japan miste 80. Det viktigaste resultatet av slaget var at USA forpurra det planlagde japanske angrepet på Port Moresby, hovudstaden i Papua Ny-Guinea.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012